Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:6 (2021-2022)
Innlevert: 11.10.2021
Sendt: 11.10.2021
Svart på: 13.10.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Korleis vil statsråden sikre at det blir rydda opp i ureininga på tidlegare statsgrunn ved Raudsand gruver i Molde kommune, er statsråden si avgjerd av 13.09.2021 i samsvar med Stortinget sitt vedtak i 2019 om sal av staten sine eigedomar og har statsråden oversikt over kostnadane som vert pålagt ved statsråden sitt vedtak om salg?

Grunngiving

Saka gjeld sal av staten sine eigedomar på Raudsand i tidlegare Nesset og no Molde kommune. Salet vart foreteke måndag 13 september 2021, valdagen, og først kunngjort ved pressemelding den 20.09.2021.
Ved saldering av statsbudsjettet for 2019 vedtok regjeringa under Vedtak 83, sitat:

"Stortinget ber regjeringen om at forurensningen på statens grunn må håndteres i forbindelse ved salget av statens eiendom på Rausand i Nesset kommune i Møre og Romsdal, og at det legges til rette for at gruvesjakter og avfallsdeponier på områdene sikres samtidig."

Ved kunngjeringa av salet etter Stortinget sitt vedtak er det klart at kjøper må rydde opp etter tidlegare verksemd. Det at regjeringa ved statsråden no har akseptert at staten skal foreta oppryddinga av avfall etter tidlegare verksemd, vil føre til at vesentlege utgifter som ikkje er utrekna bør innarbeidast i komande statsbudsjett. Det siv framleis avfall ut i Sunndals og Tingvollfjorden frå tidlegare verksemd.
Statsråd Børge Brende sa i spørjetimen i Stortinget 16 oktober 2016:

"I forhold til om staten nå skal ta ansvaret for opprydningen av denne forurensningen, må jeg si at vi har et prinsipp som heter forurenser betaler- prinsippet. Den som skal rydde opp etter seg, er jo bedriften. Det er bedriften som har forurenset. Bedriften har forurenset ulovlig og ikke forholdt seg til utslippstillatelsene. Så dette skal vi se meget nøye på i den nærmeste tiden".

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Salet av eigedomane på Raudsand baserer seg på ei fullmakt Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har frå Stortinget til å selje ikkje-aktive gruveeigedomar. Bakgrunnen for fullmakta er at NFD kan leggje til rette for lønsam verksemd og aktivitet på eigedomar som det ikkje er i statleg interesse å sjølv eige.
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren på Svalbard (DMF) fekk 30. mai 2017 i oppdrag å førestå salet på vegne av departementet. Det vart innhenta uavhengige takstar og føreteke ein grundig gjennomgang av den miljømessige situasjonen på eigedomane for å sikre ein god prosess slik at utfordringane knytt til forureining på eigedomen vart handtert.
Avtalen mellom NFD og Veidekke Industri AS (Veidekke) regulerer eigedomssalet, og fordeler på vanleg måte ansvar og risiko for ulike tema på kjøpar og seljar.
Veidekke påtek seg risiko og ansvar for opprydding av ureining/avfall på eigedomane over bakken. Dette inneber blant anna ansvar for opprydding av dei 22 miljøavvika som er identifisert på eigedomane og etablering av topptetting på møllestøvdeponiet (deponi 2) i tråd med vilkår i vedtak frå miljømyndigheitene. Veidekke tek vidare ansvar for fysisk sikring av tilkomst til personheissjakta, samt ventilering og overvaking av personheissjakta med omsyn til mogleg gassdanning frå massane som ligg i personheissjakta. Massane skal ligge urørt, og sjakta skal ikkje nyttast av kjøpar i framtida. I dette samla ansvaret ligg det betydelege kostnader for Veidekke.
Staten beheld risiko og ansvar for eventuelle framtidige pålegg som måtte gjelde forureining/avfall under bakken, dvs. forureining som allereie finst i det gruvesystemet og som eksisterer på overtakelsen under eigedomane. Staten er ikkje ansvarleg for pålegg som blir utløyst av eller som er ein følgje av kjøpar si tidlegare eller framtidige verksemd.
Gjennom avtalen med Veidekke er ansvaret for forureiningsutfordringane avklart og sikrar at det vert rydda opp i forureininga på området i tråd med krav frå myndigheitene. Samstundes bidrar salet til å leggje til rette for lønsam verksemd og aktivitet på Raudsand. Det er mi vurdering at anmodningsvedtaket frå Stortinget er følgt opp gjennom avtalen som no føreligg, jf. omtale av anmodningsvedtak nr. 83, 3. desember 2018 i Prop. 1 S (2021-2022) frå Nærings- og fiskeridepartementet.