Skriftleg spørsmål fra Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2970 (2020-2021)
Innlevert: 10.09.2021
Sendt: 13.09.2021
Svart på: 21.09.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp)

Spørsmål

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Vil statsråden rydde opp og sørge for at vanlege folk i Telemark og elles i landet får avisa på rett dag slik dei har betalt for og slik Stortinget har vedteke?

Grunngiving

I samband med ny postlov frå 2019 så er det kunn post annan kvar dag i vekedagane, dvs. vekselvis 2 eller 3 dagar.
Samtidig så skal alle sikras å få avisa den dagen den kjem ut.
Dette er ikkje tilfelle i Telemark. Den siste veka har eg blitt gjort oppmerksam på at abonnentar i mellom anna Bamble og Heddal ikkje får avisene sine, og det er og utfordringar i Kragerø Blad Vestmar sitt område. Det er tilfelle der avisa kjem 3 dagar for seint.
Alle skuldar på alle og den vanlege innbyggar vert skadelidande.
Aktiv Norgesdistribusjon og Posten AS vann konkurransen om å levere aviser i områder utan avisbodet og skal levere aviser på laurdag og kvardagar.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Staten kjøpar distribusjon av aviser i abonnement på stader der det ikkje finst kommersielle avisbodnett for å sikre dagleg distribusjon av abonnementsaviser. Avtalen som blei inngått med Posten om levering på kvardagar, og Aktiv Norgesdistribusjon om levering på laurdagar byggjer på eit dekningsområde som blei sendt på høyring i 2019. Dekningsområdet blei seinare utvida for å dekke områder som ikkje blei spelt inn i høyringa.

Sjølv med eit nøye planlagt dekningsområde, vil det ofte vere nokre adresser som ikkje får avisa si som forventa. Dette kan skuldast at eksemplaret ikkje rekk fram frå trykkjeriet til innlevering hos distributøren, feil i handteringa av eksemplaret eller at adressa ikkje er i dekningsområdet. I Telemark er det fleire områder der staten berre kjøper distribusjon til nokre adresser i postnumra og der dei kommersielle avisbodnetta dekker resten. Dette gjeld for adresser i både Bamble og Heddal.

Per i dag er det få klagar, og lågt produksjonsavvik i området som blir trekt fram i spørsmålet. Samferdselsdepartementet ynskjer sjølvsagt at så mange som mogleg får avisa på rett dag, og har difor ein løypande dialog med Posten og Aktiv Norgesdistribusjon for å finne løysingar for avisabonnentar der det oppstår problem.