Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:2383 (2020-2021)
Innlevert: 03.06.2021
Sendt: 07.06.2021
Svart på: 11.06.2021 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Er statsråden einig i at merkinga av royalbehandla kledning i CE klasse D var i tråd med offentleggjorte reglar og europeisk praksis fram til og med desember 2020, og viss ikkje, når og på kva måte meiner statsråden at regelverket vart endra?

Grunngiving

Statsråden viser i svaret sitt på det skriftlege spørsmålet frå meg av 25.05.2021 (Dokument nr. 15:2277 (2020-2021)) til den forståinga av det nasjonale og felleseuropeiske regelverket som gjeld no. Statsråden viser òg til den europeiske samordningsgruppa for tekniske kontrollorgan under byggevareforordninga og deira retteleiing. Tidspunktet for offentleggjeringa eller på kva måte den nemnte rettleiinga vart offentleggjort går likevel ikkje fram av svaret.
Etter samtale med dei norske produsentane av royalbehandla kledning, har eg fått opplyst at europeisk praksis, så langt ein har hatt høve til å undersøke, har vore at både ubehandla og behandla kledning har kunna bli CE-merka med klasse D, utan at det var eit særskilt krav til testing av branneigenskapar. Produsentane har også fremheva at det per desember 2020 ikkje var publisert noko pålegg eller ei rettleiing som inkluderte eit slikt krav om branntesting.
Spørsmålet om merkinga var korrekt fram til desember 2020 har enorm betydning for produsentane av royalbehandla kledning. Ei feilmerking som inneber ein kjøpsrettsleg mangel, vil kunne medføre konkursar, med påfølgande tap av arbeidsplassar og vesentlege verdiar. Dette er hjørnesteinsbedrifter som er svært viktige for lokalsamfunna sine. Desse viktige arbeidsplassane - og ringverknadene og verdiane som aktiviteteten til bedriftene skaper – er vanskeleg å bygge opp igjen eller erstatte.
Eg håpar derfor at statsråden ser at det er viktig å få avklart om produsentane har forhalde seg til det regelverket som heile tida var offentleg tilgjengeleg.

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Eg er oppteken av å ta vare på produksjonen av trekledning i Noreg. Det er samtidig viktig at produsentane av trekledning konkurrerer på like vilkår.
Krav til omsetnad av byggevarer bygger på harmoniserte krav for EU/EØS-området, slik det kjem fram av byggevareforordninga. Forordninga legg opp til eit system der produsentane lagar ei eigenerklæring om eigenskapane til sitt produkt (ytingserklæringa). Ifølgje byggevareforordninga har produsentar av byggevarer plikt til å syte for at ytinga til produktet er den same som det kjem fram av ytingserklæringa. Om ein produsent er usikker på krav til testing av produktet, må produsenten undersøke dette nærare for å sikre at produktet er i samsvar med krava i byggevareforordninga.
Byggevareforordninga tok til å gjelde i Noreg 1. januar 2014. Etter byggevareforordninga er det obligatorisk å CE-merke produkt i tråd med harmoniserte standardar. For panel- og kledningsbord gjeld den harmoniserte standarden NS-EN 14915:2013.
Før byggevareforordninga tok til å gjelde, var det krav i byggevaredirektivet. Krava i byggevaredirektivet bygde òg på harmoniserte standardar. Det var, då som no, i standardane ein fann dei meir detaljerte krava til byggevarene. Dette omfatta òg testing av produkt. Den første harmoniserte standarden for panel- og kledningsbord av heiltre vart vedteken 1. desember 2006, NS-EN-14915:2006. Tabell 1 i standarden, som er den sentrale for dei aktuelle krava for testing av behandla trekledning, er ikkje endra sidan 2006.
Korkje reglar eller føresetnadar for klassifisering og merking av trekledning, er blitt endra etter desember 2020. Krava til testing og dokumentasjon har vore dei same i mange år. Det er produsentane som har ansvar for å deklarere eigenskapane til produkta, og sikre at det som står i ytingserklæringa er rett.
Eg vil avslutningsvis understreke at det sentrale i denne saka, er at testane som produsentane av royalbehandla kledning har fått gjort, viser at kledninga ikkje oppfyller klasse D. Å merke royalbehandla kledning i klasse D, blir då feil.