Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1788 (2020-2021)
Innlevert: 26.03.2021
Sendt: 26.03.2021
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Svart på: 12.04.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Nils T. Bjørke (Sp)

Spørsmål

Nils T. Bjørke (Sp): Verneområda rundt Folgefonna har stor lokal støtte. Støtta heng saman med at det vert drive aktivt landbruk her som tek vare på det flotte kulturlandskapet. Difor er det uheldig at nasjonale myndigheiter - utan å setja seg inn i saka - overprøver lokale vedtak i Kvinnherad kommune og eit samla Folgefonna Nasjonalparkstyre i å gje løyve til at unge bønder skal få dyrka litt av jorda for å halda oppe drifta og produsera mat i desse områda.
Vil landbruksministeren ta initiativ for å sikra at dei lokale vedtaka blir ståande?

Grunngiving

Folgefonna nasjonalparkstyre gjorde vedtak den 24.09.2020 om nydyrking av eit areal på 37,5 dekar på gnr. 87 bnr. 12 i Kvinnherad kommune i Hattebergsdalen landskapsvernområde. Kvinnherad kommune og Folgefonna nasjonalparkstyre hadde gjort grundige vurderingar med synfaring. Statsforvaltaren i Vestland klaga på vedtaket, og Miljødirektoratet endra Folgefonna nasjonalparkstyre sitt vedtak og gav avslag på søknaden om nydyrking den 01.03.2021.
Saka handlar om unge bønder som ynskjer å satsa i eit kulturlandskap det er viktig å halda levande. Området er tilpassa distriktslandbruk i småskala. Om slikt vestlandslandbruk framleis skal vera drivverdig, må dei som ynskjer å satsa kunna utnytta ressursane på areal som har vore i bruk.
I denne saka har dei lokale myndigheitene funne fram til ei god løysing i felleskap for å handtera både verneinteressane og bøndene sine behov. Det at Miljødirektoratet overprøver denne løysinga svekkar den lokale oppslutnaden om verneområda.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Den aktuelle søknaden om løyve til nydyrking i Hattebergsdalen landskapsvernområde vart endeleg avgjort gjennom Miljødirektoratet sitt vedtak 1. mars 2021.
Nydyrking er forbode i verneområdet. Det går fram av verneforskrifta for området. Etter naturmangfaldlova § 48 kan ein gi dispensasjon sjølv om eit tiltak ikkje er tillaten etter verneforskrifta. Men det er eit vilkår at tiltaket ikkje må vere i strid med verneformålet, og det må ikkje påverke verneverdiane nemneverdig.
Det går fram av Miljødirektoratet sitt vedtak at direktoratet meiner at nydyrking av det aktuelle arealet vil vere i strid med verneformålet og påverke verneverdiane meir enn nemneverdig, og at det derfor ikkje kan bli gitt dispensasjon i medhald av naturmangfaldlova.
Representant Bjørke hevdar at nasjonale myndigheiter har overprøvd lokale vedtak i Kvinnherad kommune og Folgefonna nasjonalparkstyre "utan å setje seg inn i saka". I grunngjevinga for spørsmålet opplyser representant Bjørke at Kvinnherad kommune og Folgefonna nasjonalparkstyre hadde gjort grundige vurderingar med synfaring.
Miljødirektoratet har opplyst at dei har hatt god nok informasjon til å ta ei avgjerd utan å dra på synfaring. Eg har ikkje grunn til å trekke det i tvil.
Eg viser elles til mitt svar 11. mars 2021 til Stortinget på eit spørsmål frå representant Ruth Grung om same sak.