Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2542 (2019-2020)
Innlevert: 07.09.2020
Sendt: 08.09.2020
Svart på: 11.09.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva konkret har statsråden gjort for å sørge for at fylkeskommunar som Rogaland ikkje skal måtte garantere for summar tilsvarande nesten 600 % av sitt driftsbudsjett, for å sikre gjennomføring av statlege samferdsleprosjekt?

Grunngiving

Fylkeskommunane har stilt garantiar for over 154 milliardar kroner for norske riksvegar, skriv NRK 5. september.
Det kan i verste fall ha ein stor økonomisk konsekvens for driftsbudsja deira.
Rogaland fylkeskommune har tidlegare vedtatt over 31,8 milliardar kroner i garantiar, og er no bedt om å vedta ytterlegare garanti for E39-prosjektet mellom Ålgård og Lyngdal. Første strekk utgjer 850 millioner kroner, og totalt blir summen 11 milliarder.
Dei 31 milliardane Rogaland fylkeskommune har garantert for utgjer 440 % av driftsbudsjettet. Dersom fylket skal vedta ytterlegare garanti på 11 milliardar, vil totalsummen utgjere nesten 600 % av driftsbudsjettet. Til samanlikning er taket nådd for kommunar dersom garantiane går over 10 % av driftsbudsjettet.
Etter den nye garantiforskrifta vil det leggast meir vekt på fylket sin eigen vurdering av gjeldsgraden. Rådmannen si vurdering vil altså vere av stor betyding, og dermed kan Rogaland fylkeskommune måtte seie nei til garanti for E39-prosjektet, fordi summen blir uforsvarleg høg.
Eg viser vidare til regjeringa si plattform frå Granavolden 17.01.2019, utdrag: Regjeringa vil:

«Innføre statlig delgaranti for bompengelån til riksveiprosjekter i fylker som er nær grensen for hvor mye garantier de kan stille, der ordningen gir en reell risikodeling mellom stat og fylke.»

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Det er ei viktig problemstilling som representanten Tajik tar opp, og som Samferdselsdepartementet og eg er godt kjend med. Samstundes er det gode grunnar for at ordninga med at fylkeskommunane (ev. også kommunar) stiller som garantistar for bompengelån, lenge har vore ein viktig del av den norske bompengeordninga – både på fylkes- og riksvegprosjekt. Gjennom å stille garanti er regionale/lokale styresmakter med på å ta eit ansvar for at finansieringsplanen for eit bompengeprosjekt ikkje blir urealistisk m.a. når det gjeld takstfastsetjing og innkrevjingsperiode.
Eg er kjend med at einskilde fylkeskommunar no har særs høge garantiar, og eg forstår at dette kan vere ei utfordring. Når det gjeld Rogaland, så har fylkeskommunen bedt om eit møte med meg og det skal vi få til så snart som mogleg.
Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med nærare vurderingar av ordninga i samanheng med utkvittering av anmodningsvedtak (nr. 738 (2017-2018)), der Stortinget ber regjeringa vurdere om det er hensiktsmessig at fylkeskommunane fortsatt skal stille garanti for bompengelån på riksveg, og kome tilbake til Stortinget på egna måte.
Samstundes viser eg til at garantiansvaret til fylkeskommunane avheng av storleiken på låna til bompengeselskapa. Denne regjeringa har løyvd store midler til sletting av gjeld i mange bompengeprosjekt, og på denne måten også redusert garantiansvaret for lokale styresmakter.