Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1402 (2019-2020)
Innlevert: 22.04.2020
Sendt: 23.04.2020
Svart på: 30.04.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Var Luftfartstilsynet involvert i vurderinga av plasseringa av MPA-hangaren på Evenes før løyvinga på 1,8 mrd. kroner blei vedtatt av Stortinget i 2019?

Grunngiving

I Prop. 78 S (2019-2020) ber regjeringa Stortinget om å auke kostnadsramma for prosjektet etablering av fasilitetar for dei nye maritime patruljeflya på Evenes flystasjon. Prisjustert til kostnadsnivå pr. 1. juli 2020 er kostnadsramma 1 842 mill. kroner. Forslaget er å auke kostnadsramma til 2 400 mill. kroner, ei auke på 558 mill. kroner. Dette er andre gang regjeringa ber om å auke kostnadsramma på prosjektet. Opphavleg budsjett for hangar til tre fly var i overkant av 1 mrd. kroner i 2016.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Løyvinga på 1,8 mrd. kroner blei vedtatt av Stortinget 12. juni 2019, og Luftfartstilsynet var ikkje involvert i vurderinga av plasseringa av MPA-hangaren på Evenes på dette tidspunktet. Eg vil gjere greie for Luftfartstilsynet si involvering i saka nedanfor. Informasjonen er gitt meg av Luftfartstilsynet.
Eg er kjend med at Avinor AS inviterte Luftfartstilsynet til eit informasjonsmøte på Evenes i februar 2019. I møtet deltok også representantar frå Forsvarsbygg og Luftforsvaret. Det blei orientert blant anna om Forsvarets etablering og framtidig drift på Evenes flystasjon. Forsvarsbygg informerte overordna om alle planlagde prosjekt, men konkret plassering av MPA-hangaren var ikkje tema på dette møtet.
I tida etter møtet blei Luftfartstilsynet jamt informert om dialogen mellom Avinor og Forsvarsbygg knytt til plassering av MPA-hangaren. Luftfartstilsynet var kjend med at det var diskusjon om ulike alternativ for plassering av hangar og utfordringar med turbulens, men gav ikkje uttrykk for synspunkt, eller var involvert i andre vurderingar då dei ikkje hadde motteke søknad frå Avinor.
På bakgrunn av utfordringane med å finne ein akseptabel plassering av hangaren, og at Luftfartstilsynet ikkje hadde motteke nokon formell søknad frå Avinor, bestemte Luftfartstilsynet i oktober 2019 å invitere Avinor, Forsvarsbygg, Luftforsvaret og flyselskapa til eit felles møte.
I etterkant av dette møtet vart det einigheit om å greie ut fleire alternativ for plassering av MPA- hangaren. Målet var å finne ei alternativ plassering som ville gi minst påverknad på turbulens.
Medio desember 2019 vart Forsvarsbygg og Avinor einige om eit felles forslag og Avinor sendte søknad til Luftfartstilsynet, som trefte vedtak om førehandsgodkjenning av plassering av hangaren 3. februar 2020.