Skriftleg spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1142 (2019-2020)
Innlevert: 04.03.2020
Sendt: 04.03.2020
Svart på: 11.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Nye legemiddelreglar gjer at Miljødirektoratet ikkje ser det mogeleg å gjennomføre immobilisering av jerv etter 15. februar.
Ser statsråden noko løysing på dette, og er det aktuelt å ta initiativ overfor andre myndighetsnivå for å til dømes å autorisere medarbeidarar i SNO til å gjennomføre bedøving/immobilisering?

Grunngiving

I eit brev datert 14. februar meddelar Miljødirektoratet at ein ikkje kan nytte det vanlege bedøvingsmiddelet for å sikre immobilisering av jerv etter 15. februar. Sidan ein må gjennomføre immobilisering før ein tar ut individ ved helikopterjakt for å kjønsbestemme individ, forsvinn denne uttaksmåten i praksis. Ekstraordinære uttak er naudsynte for å ivareta dei beiteprioriterte områda. Miljødirektoratet peikar på hiuttak framleis vil kunne gjennomførast.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Innleiingsvis vil eg vise til at det ikkje er noko nytt at det blir sett strenge vilkår for handtering av potente medikament. Det er naudsynt fordi konsekvensane ved feil handtering kan vere særs alvorlege, og nokre medikament er også dødelege for menneske i små dosar. Eg er derfor heilt einig i den prinsipielle haldninga om at ein skal vere særs tilbakehalden med å overlate til andre enn veterinærar å anvende slike medikament.
Ekstraordinære uttak inneber at staten, ved Statens Naturoppsyn (SNO), gjer uttak av jerv i særleg tapsutsette områder for å avverje skader på sau eller tamrein. Dette er per no eit naudsynt verkemiddel for å fylgje opp føringane frå Stortinget i rovviltpolitikken.
Tidlegare år har ekstraordinære uttak av jerv vore praktisert slik at ansvarleg veterinær kan nytte medhjelparar i form av profesjonelt fellingspersonell frå SNO. Denne vinteren har det oppstått spørsmål kring denne praksisen. Noko som i neste omgang slår direkte inn i handsaminga av ekstraordinære uttak av jerv. Årsaka var nye vilkår frå Statens legemiddelverk knytte til bedøvingsmiddel som medførte at veterinær alltid måtte vere fysisk til stades ved bedøving av jerv. Det blei raskt klart for SNO at ein slik praksis ville gjere det svært krevjande å gjennomføre ekstraordinære uttak og innskrenke effektiviteten. SNO tok difor tidleg i januar kontakt med Statens legemiddelverk og har arbeidd intensivt for å finne ei løysing, noko som viste seg å vere vanskeleg.
Eg kan opplyse at eg, i dialog med helse- og omsorgsministeren og landbruks- og matministeren, som har ansvar for regelverka som er aktuelle i denne saka, no har funne ei løysing i saka. Det inneber at ordninga med ekstraordinære uttak av jerv kan fortsetje som tidlegare år, ved at ein veterinær står ansvarleg for og har tilsyn med arbeidet utført av personell i SNO som har fått opplæring, utan vilkår om fysisk nærvær frå veterinær.