Skriftleg spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2355 (2018-2019)
Innlevert: 30.09.2019
Sendt: 30.09.2019
Svart på: 07.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): I veier24.no kunne vi før helga lese at omorganiseringen i Statens vegvesen gjør at etaten ikke har kapasitet til å fullføre anbudsrunden på fylkesvei 333 i Sandnes.
Konkurransen blir dermed avlyst og ny utlysning i fylkeskommunali regi når det er kapasitet til å følge opp der etter regionreformen. Hvordan er bemanningssituasjonen nå i Statens Vegvesen?

Grunngiving

Vi leser også om lange ventetider for oppkjøring ved flere trafikkstasjoner, og en uvanlig høy kompetanseflukt fra Statens Vegvesen på flere områder. Vi har fra tidligere hørt at SVV er bekymret for situasjonen rundt riksvegprosjekt, men det er første gang en kan lese om at det også på fylkesveiprosjekt blir problematisk. Her skal ansatte fra enten 01.01.20, eller 01.01.21 overføres til fylkeskommunen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen og fylkeskommunane er i krevjande prosessar med omstilling. Overslagsvis brukte Statens vegvesen om lag 1850 stillingar på oppgåvene knytta til sams vegadministrasjon i fylkeskommunane i 2018. Dette er stillingar knytt til oppgåver som fylkeskommunane tek over frå 2020. Mellom anna på grunn av denne store endringa og som oppfølging av områdegjennomgangen av Statens vegvesen, førebur vegvesenet ny organisasjon frå 1.1.2020. Samstundes er dei fleste fylkeskommunane i prosessar med å slå seg saman med andre.

I ein overgangsfase med omstilling har Statens vegvesen og fylkeskommunane felles utfordringar med å halde oppe den same produksjonen som før. Dette kjem i liten grad av at dei tilsette bruker tid på sjølve omstillinga. Hovudutfordringa er at fleire enn vanleg sluttar og finn andre arbeidsgjevarar enn Statens vegvesen og fylkeskommunane. Det er no over 8 % som sluttar i Statens vegvesen, mot normalt 4-5 %. Her er det geografiske variasjonar og variasjonar mellom område. Rogaland har større utfordringar enn ein del andre område.

Eg er kjend med at det er god dialog mellom Statens vegvesen og fylkeskommunane for å finne dei beste løysingane der det er utfordringar med å oppretthalde produksjonen som planlagt, men det er likevel ikkje mogleg å gjennomføre ei så stor omstilling heilt utan konsekvensar for framdrift i ein overgangsfase.

Når det gjeld ventetider på førarprøver, så er det ofte store sesongvariasjonar. Den største utfordringa er i sommarsesongen. Dette skuldast at det er motorsykkelsesong kombinert med ferieavvikling. I og med at motorsykkelsesongen no snart er over, er ventetidene også på veg ned og i hovudsak innafor Statens vegvesen sine interne krav på 20 virkedagar.