Skriftleg spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis- og innvandringsministeren

Dokument nr. 15:2305 (2018-2019)
Innlevert: 20.09.2019
Sendt: 20.09.2019
Svart på: 25.09.2019 av justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Kva vil statsråden gjere for å forhindre denne årlege usikkerheiten avdelinga i Fyresdal er utsatt for og vil statsråden forsikre at avdelinga ikkje blir lagt ned i 2020?

Grunngiving

Avdeling Kleivgrend ved Arendal fengsel i Fyresdal og deira ansatte opplever spørsmålet om nedlegging årleg. I budsjettforliket som blei inngått mellom dåverande regjeringsamansetting og KRF for 2019 vart Kleivgrend igjen redda frå nedleggelse gjennom bevilgning for 2019.
Kleivgrend har i dag fult belegg i avdelinga. Innsattekategorien har endra seg ein del dei siste åra, då ein stor del i dag er innsatte dømt for sedeligheitsforbrytelsar. I følgje tillitsvalgte ved avdelinga utgjer desse om lag 30%. Sett i lys av Sivilombudsmannens kritiske rapport om isolering er Kleivgrend eit svar på korleis ein kan gjennomføre soning på ein betre måte og der ein rapporterer om eit minimum av uønska hendingar.
Pr. dags dato står Kleivgrend utan leiekontrakt, som i følgje tillitsvalgte skapar stor usikkerhet ved fengselet. Ein fryktar igjen at dette betyr nedleggelse. I følgje tillitsvalgte ved Kleivgrend har dei fått informasjon om at det ikkje er aktuelt å forlenge leigekontrakta lenger enn til 31.12.19. Andre fengsel i landet har kontrakt med Statsbygg på 10 år, med 1 års gjensidig oppsigelse.

Jøran Kallmyr (FrP)

Svar

Jøran Kallmyr: Jeg har forståelse for at de tilsatte ved Arendal fengsel, Kleivgrend avdeling er urolige for hva som skal skje videre med avdelingen. Som representanten er kjent med ble det i budsjettforliket høsten 2018 mellom Kristelig Folkeparti og de daværende regjeringspartiene enighet om å bevilge penger til drift av Kleivgrend avdeling ut 2019.

Når det gjelder en eventuell bevilgning for 2020 må både representanten og de ansatte avvente fremleggelsen av statsbudsjettet for 2020 den 7. oktober i år.