Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Skriftleg spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2226 (2018-2019)
Innlevert: 02.09.2019
Sendt: 02.09.2019
Svart på: 09.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): I bompengeenigheten mellom regjeringspartiene står det at regjeringen vil ferdigstille forhandlingene om byvekstavtaler i blant annet Trondheim. Denne avtalen ble ferdigforhandlet og undertegnet 25. juni 2019.
Hva konkret ønsker regjeringen å endre i avtalen?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Byvekstavtalen med Trondheimsområdet for perioden 2019–2029 frå juni i år ligg fast. Regjeringa sitt bompengeforlik inneholder temaer som Trondheimsområdet inviteres til å ta stilling til. Det vil være opp til lokale styresmakter om dei vil seie ja til disse tilboda, på vanleg måte med atterhald om Stortingets samtykkje i dei årlege budsjettprosessane.



Byvekstavtalen omfattar mellom anna finansiering av eit såkalla 50/50-prosjekt; Metrobussen. Staten vil framleis dekke 50 pst. av kostnadane i dette prosjektet i tråd med rasjonell framdrift. I tillegg vil regjeringa tilby lokale styresmakter å auke det statlege bidraget til 66 pst. av disse prosjekta. Dersom dei takkar ja, er det ein føresetnad at halvparten av det auka tilskotet mellom 50 og 66 pst. skal øyremerkast reduserte bompengar og halvparten skal øyremerkast betre kollektivtilbod. Dette skal skje etter ei lokal prioritering.



Regjeringa har vidare foreslått ei årleg løyving på 300 mill. kr til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i dei store byane. Eg legg til grunn at Trondheimsområdet får ein del av dette tilskotet. Den nærare fordelinga vil bli omtalt i forslaget til statsbudsjett for 2020.



I tråd med bompengeforliket vil regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett foreslå grep for å auke fleksibiliteten for bruk av statlege midlar på fylkeskommunalt og kommunalt ansvarsområde innanfor ein byvekstavtale. Dette er i tråd med tidlegare innspel frå Trondheimsområdet.



Regjeringa sitt bompengeforlik føreset ein fylkeskommunal/kommunal eigendel på 20 pst. av investeringar på fylkeskommunale eller kommunale prosjekt i nye bypakker. Utforminga av dette skal bli greia ut nærare, men eg legg til grunn at dette kravet ikkje vil omfatte Miljøpakken.



Regjeringa stiller seg positiv til at timesregelen i bompengefinansierte bypakker kan utvidast til ein tretimes-regel for bompasseringar på ettermiddagen. Ei slik endring vil berre bli innført dersom lokale styresmakter initierer og vedtek dette, og det er rom for det innanfor den økonomiske ramma for pakka. Det må òg vurderast nytt framlegg for Stortinget, dersom det er lokalpolitisk ønske om ei slik endring.