Skriftleg spørsmål fra Arild Grande (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2083 (2018-2019)
Innlevert: 12.08.2019
Sendt: 13.08.2019
Svart på: 20.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arild Grande (A)

Spørsmål

Arild Grande (A): Hva er Statens vegvesen sitt grunnlag for å uthule lovgivningen gjennom å liberalisere kabotasjeregelverket og bytte av tralle?

Grunngiving

I departementets rundskriv N/1-2013 Rundskriv om kabotasje innen godstransport på veg, står det følgende: En transportør kan (iii) utføre opp til 3 kabotasjeturer, (iv) i tilslutning til en internasjonal transport, (v) med samme kjøretøy (vi) innenfor en periode på 7 dager etter at den innkommende lasten fra det internasjonale oppdraget er losset.
Dette er for øvrig i samsvar med Forordning 1072/2009/ef artikkel 8 pkt. 2
I saken "Kontrollører slår alarm om ny kabotasjeinstruks - NLF krever strakstiltak" (lastebil.no august 2019) gir NLF uttrykk for bekymring over tilføyelser som er lagt til i Statens vegvesens kontrollinstruks for kabotasje:

"Der man tidligere krevde tydelig dokumentasjon ved både inngående internasjonal tur og samtlige av de påfølgende nasjonale turene, er det nå lagt til følgende tekst:
«Det er ikke forbud mot å fylle ut fraktbrev manuelt eller oppdatere dokumentet manuelt f.eks. i forbindelse med skifte av trekkvogn.»"

Fellesforbundet uttrykker i likhet med NLF sin bekymring over mulige konsekvenser av en slik liberalisering.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen er delegert myndigheit til å utføre trafikkontrollar etter regler gitt i lov- og forskrift og i tråd med retningslinjer gitt av departementet. Statens vegvesens trafikkontrollinstruks er eit dokument som vert utarbeidd av Statens vegvesen for å sikre likebehandling i kontrollverksemda og for å vere ei rettleiing for kontrollørane i praktiseringa av regelverket. Dokumentet nyttast internt i Statens vegvesen.



Statens vegvesen opplyser at det ikkje er gjort endringar i trafikkontrollinstruksen for korleis kontroll av kabotasje skal gjennomførast. Instruksen bygger på lov og forskrift og på dei føringane som det er gjort greie for i Samferdselsdepartementets rundskriv frå 2013. For å avklare forhold som har vore uklare, og sikre at retningslinjene er i samsvar med gjeldande rett, er det gjort nokre mindre presiseringar i vedlegget til instruksen. Det følgjer ikkje av forordning 1072/2009 at det er forbode å fylle ut eller oppdatere fraktbrev manuelt. Statens vegvesen kan då ikkje i instruks operere med strengare krav i Noreg enn det som står i EU-reglane.



Ved kabotasje er det likevel heilt sentralt at ein kan leggje fram tydeleg dokumentasjon på at oppdraga er lovlege. Fraktbrev skal utskrivast før transporten startar og følgje transporten fram til godset blir levert. Det er krav til at fraktbrevet skal innehalde dei opplysningane som er lista opp i rådsforordning 1072/2009 og i rundskrivet frå Samferdselsdepartementet. Her står det mellom anna at fraktbrevet skal vere signert av sendar og fraktførar. Det er dermed ikkje rett at sjåføren sjølv står fritt til å fylle ut fraktbrevet.



Eg kan òg nemne at det i EU-systemet vert arbeidd med eit forslag om innføring av elektroniske fraktbrev. Eit av vilkåra er at bruk av elektronisk fraktbrev skal vere frivillig. Bakgrunnen for dette er at fraktbrev er ein avtale mellom sendar, transportør og mottakar. Styresmaktene er ikkje part i den avtalen.



Det vil verte vurdert å gi transportørar som inngår avtale med t.d. Tolletaten og/eller Statens vegvesen om å sende elektronisk informasjon (t.d. elektroniske fraktbrev) moglegheit for forenkla eller hurtig handtering i kontrollsamanheng.



Eg er oppteken av rett kontroll og seriøsitet i transportbransjen og vil halde fram arbeidet med å finne løysingar som bidreg til like konkurransevilkår for alle transportørar.