Skriftleg spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:793 (2017-2018)
Innlevert: 25.01.2018
Sendt: 25.01.2018
Svart på: 31.01.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): Vil statsråden innføre restriksjonar eller vurdere endringar i vegtrafikkloven som inneber krav til transportør om å sørgje for at avrenning av den typen ein slit med på Fv 714 ikkje skjer?

Grunngiving

13.01.18 meldte NRK Trøndelag at det i frå Trøndelag fylkeskommune vert uttrykt stor frustrasjon over at det ikkje kan innførast restriksjonar for å hindre avrenning av smeltevatn frå vogntog som fraktar laks på Fv 714 frå lakseoppdrettssanlegga på Hitra og Frøya. Det går over 100 vogntog i døgnet på denne vegen og det skapar trafikkfarlege situasjonar der vatnet renn ut på vegbana og frys til is.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg viser til at gjeldande reglar sett krav til sikring av last. Krava om å sikre lasta, slik at til dømes avrenning av smeltevatn ikkje skjer, er omfatta av dei alminnelige reglane i forskrift om bruk av køyretøy § 3-2. Lasta skal vere sikra slik at den ikkje er ein trussel for helse, eigedom eller miljøet. Vidare skal lasta vere sikra slik at det ikkje fell av køyretøyet eller sleper på vegen. Det skal òg sikrast slik at det ikkje er til hinder for sikker køyring, både for føraren og andre trafikantar. Avrenning av smeltevatn som frys til is på vegen er trafikkfarleg og derfor klart i strid med desse føresegnene.
Slik køyring er òg i strid med vegtrafikklova § 3, som seier at ein kvar skal ferdast så aktsamt at det ikkje oppstår fare eller at ein gjer skade.
Det er transportørane som er ansvarlege for å sikre lasta i tråd med reglane. Eg forventar at dei tek dette ansvaret på alvor, av omsyn til trafikktryggleiken for alle som ferdast på vegen. Statens vegvesen sine kontrollørar er klar over problemstillinga og vil følgje situasjonen i tida framover.