Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Toppe, Kjersti (561 - 569 av 569)
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:366 (2013-2014)

    Innlevert: 07.02.2014

    Sendt: 07.02.2014

    Svart på: 14.02.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Kan statsråden gjere reie for kva som er gjeldande rutinar ved norske nyfødtavdelingar for born med Trisomi 18, og vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av desse rutinane?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:245 (2013-2014)

    Innlevert: 08.01.2014

    Sendt: 09.01.2014

    Svart på: 20.01.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Helse Bergen vil søkje om ein prøveordning med heroinassistert behandling som del av Handlingsplan mot opne russcener i Bergen. Ola Jøsendal i Helse Bergen viser til at nye rapportar om heroinassistert behandling er kommen i haust: ein artikkel i tidskriftet British Journal of Psykiatry (BJP) og ein evalueringsrapport frå Den Danske Sundhetsstyrelsen (jfr.BT 7/1-14) . Vil Helse- og omsorgsministeren gjere ein nasjonal, fagleg gjennomgang av dei nye rapportane om heroinassistert behandling som Helse Bergen viser til?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:231 (2013-2014)

    Innlevert: 19.12.2013

    Sendt: 20.12.2013

    Svart på: 08.01.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

    Samarbeidsavtalen mellom staten og ideell sektor om leveransar om helse- og sosialtenester blei inngått i 2012. I Innst.14S (2013-2013) frå familie - og kulturkomiteen er det ikkje bekrefta at regjeringa vil vidareføre samarbeidsavtalen med ideell sektor, og det er skapt usikkerheit om regjeringa vil vidareføre ordninga med eigne anbodsrundar for private, ideelle innan barnevernet. Vil statsråden vidareføre samarbeidsavtalen og vil statsråden sikre eigne anbodsrundar med ideell sektor innan barnevernet?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:230 (2013-2014)

    Innlevert: 19.12.2013

    Sendt: 20.12.2013

    Svart på: 10.01.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    I Hordaland har politiet hittil i år henlagt til saman 489 saker fordi det er tvil om lovbrytar er tilregnelig. Politiet melder at dei av økonomiske omsyn ofte ikkje prioriterer å få utført psykiatrisk undersøking for å få svar på spørsmål om tilregneligheit (BT 19/12). Kan statsråden gje ei oversikt over kor mange slike saker som henlagt på landsbasis, og vil statsråden sikre at politiet avklarar spørsmål om tilregneligheit i mindre saker?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:180 (2013-2014)

    Innlevert: 06.12.2013

    Sendt: 06.12.2013

    Svart på: 18.12.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Ifølgje Klassekampen 6/12-13 har Helse Sør-Øst i 2012 brukt 563 millionar kroner på konsulenttenester, som er ny rekord. Oslo universitetssykehus brukte aleine 174 millionar kroner på konsulentar, ein auke på 62 millionar frå året før. Kva tiltak vil statsråden setje i verk for å redusere konsulentbruken i helseføretaka, aksepterer statsråden den store auken i konsulentbruk ved OUS, og vil statsråden i oppdragsdokumentet setje konkrete mål for reduksjon i konsulentbruk i dei regionale føretaka for 2014?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:177 (2013-2014)

    Innlevert: 06.12.2013

    Sendt: 06.12.2013

    Svart på: 12.12.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Helsefagarbeidarar er ei svært viktig yrkesgruppe i helsevesenet. Likevel er helse- og omsorgskomiteen gjort kjent med at det i spesialisthelsetenesta er "forsvunne" fleire tusen helsefagarbeidarstillingar dei siste åra. Det same kan også ha skjedd i kommunane. Kan statsråden gje ein oversikt over utvikling av helsefagarbeidarstillingar i dei ulike helseføretaka og i kommunehelsetenesta dei siste 5-10 åra, og informere om kva tiltak han vil sette i verk for å stoppe ei negativ utvikling?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:64 (2013-2014)

    Innlevert: 07.11.2013

    Sendt: 07.11.2013

    Svart på: 13.11.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    I følgje ein ny Sintef- rapport kan omlag 7 prosent av alle pasientar i psykisk helsevern vurderast som utskrivingsklare, men ventar på kommunale tenester. Minst halvparten av dei treng bustad, medan det for andre handlar om omfattande hjelpetiltak. Bykommunar som Oslo, Bergen og Trondheim har dei største utfordringane. Vil statsråden innføre kommunal betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i psykiatrien på same måte som for utskrivingsklare somatiske pasientar, og i tilfelle når vil dette kunne skje?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:21 (2013-2014)

    Innlevert: 25.10.2013

    Sendt: 25.10.2013

    Svart på: 05.11.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    I mange år har fleire utskrivningsklare pasientar i psykiatrien blitt buande på sjukehus, fordi Bergen kommune ikkje har skaffa dei eit tilpassa bustadtilbod. I følgje BT 24/10-13 bur 40 psykiatriske pasientar i Bergen på sjukehus mens dei ventar på bustad. Eit samla styre i Helse Bergen etterlyser no tiltak og verkemidlar som kan brukast mot Bergen kommune. Kva vil statsråden gjere for å hjelpe pasientane og Helse Bergen i denne saka, og har statsråden informasjon om det er tilsvarande utfordringar i andre føretak?
  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:20 (2013-2014)

    Innlevert: 25.10.2013

    Sendt: 25.10.2013

    Svart på: 05.11.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Senterpartiet er opptatt av å bevare de gode ideelle rusinstitusjonene som driver med gode resultater i dag. I så måte mener vi at rusinstitusjonen Phoenix Haga i Østfold fortsatt må bestå. Kan helseministeren bekrefte at regjeringen vil sikre videre finansiering og drift av Phoenix Haga, og kan ministeren si noe om hvor fort han vil kunne få en løsning på saken?