Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Heggø, Ingrid (61 - 79 av 79)
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:403 (2014-2015)

    Innlevert: 18.12.2014

    Sendt: 19.12.2014

    Svart på: 05.01.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    I utgreiinga av sjømatindustriens rammevilkår NOU 2014: 16 er ikkje det samiske aspektet trekt inn i biletet. Det er mange særskilte omsyn i form av lover, forskrifter og opparbeida rettar som difor ikkje vert belyst i utgreiinga. Er ministeren samd i at det bør komma ei tilleggsutgreiing om det sjøsamiske, slik at Stortinget får eit betre grunnlag for ei heilskapleg handsaming av NOUen, og vil ministeren ta initiativ til dette?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:402 (2014-2015)

    Innlevert: 18.12.2014

    Sendt: 19.12.2014

    Svart på: 05.01.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Tveteråsutvalet har denne veka levert si innstiling i NOU 2014:16 om sjømatindustrien sine rammevilkår. Statsråden har varsla at rapporten vil bli underlagt ei heilskapleg vurdering i form av ei melding til Stortinget. Samstundes har departementet fleire framlegg til handsaming ute på høyring. Desse vil og påvirke lønsemda på forskjellige nivå i verdikjeda. Vil ministeren avvente den vidare handsaminga av dei ulike forslaga slik at alt kan sjåast i samanheng i den varsla Stortingsmeldinga om sjømatindustrien?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:272 (2014-2015)

    Innlevert: 26.11.2014

    Sendt: 27.11.2014

    Svart på: 04.12.2014 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Sogn og Fjordane Fylkeskommune søkte den 05.06.2014 om godkjenning av eit treårig forsøk i fag- og yrkesopplæringa. Søknaden gjeld eit nytt opplæringstilbod innan utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Søknad om vg3 frå direktoratet er godkjent 10.10.14. Fylkeskommunen vert stadig lova svar, men det kjem ikkje. Korleis vil ministeren bidra for å sikre at vg2 innan maritim produksjonsteknikk vert eit søkbart tilbod for ungdom for skuleåret 2015/16?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:228 (2014-2015)

    Innlevert: 17.11.2014

    Sendt: 17.11.2014

    Svart på: 21.11.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Meinar statsråden at kommunane i dag er godt nok involverte ved oppretting av asylmottak, og har kommunane god nok tid til å forberede mottaket med å få på plass kvalifisert personell innan dagens fristar ?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:1247 (2013-2014)

    Innlevert: 19.09.2014

    Sendt: 22.09.2014

    Svart på: 03.10.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Kva er statsråden sin kommentar til at eit velfungerande asylmottak i Bremanger vert lagt ned og at det blir oppretta eit nytt mottak i Høyanger, mot kommunane sitt eige ynskje, og meiner statsråden at kommunane sin rett til informasjon og medverknad i prosessen er betre ivareteke no enn det som var tilfellet då det vart etablert eit mottak i Årdal?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1206 (2013-2014)

    Innlevert: 11.09.2014

    Sendt: 12.09.2014

    Svart på: 16.09.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Regjeringa vil fjerne reguleringane av eigarskap i havbruksnæringa og forslag er sendt på høyring med frist på berre 6 veker. Det skal ikkje lenger stillast krav om søknad ved kjøp av 15 % eller meir av total MTB. Det kan heller ikkje stillast krav om FoU, bearbeiding, bruk av lærlingar eller spreidd aktivitet når selskap kjøper 15 % eller meir av den totale produksjonskapasiteten. Ministeren grunngjev forslaget med forenkling. Kor mykje ressurser blir spart i høvesvis forvaltninga og næringa pga. endringane?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1129 (2013-2014)

    Innlevert: 22.08.2014

    Sendt: 22.08.2014

    Svart på: 29.08.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    I reguleringane for fangst av kongekrabbe i 2014/2015 kom eit nytt krav om nedre lengde på seks meter for farty som fiskar i open gruppe. Dette betyr at mange fiskarar med små båtar langs Finnmarkskysten på kort varsel vart kasta ut av kongekrabbefisket. Kan statsråden grunngje kvifor det er innført ein regel som fører til at fiskarar med dei minste båtane, kun i open gruppe, mister mogelegheita til å hente viktige inntekter frå kongekrabbefisket, og kva dokumentasjon fins på at eit slikt tiltak er viktig for dyrevelferden?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:602 (2013-2014)

    Innlevert: 27.03.2014

    Sendt: 27.03.2014

    Svart på: 01.04.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    På NRK Brennpunkt kunne ein 25 mars d.å. sjå dokumentasjon på fiskejuks, der det kom fram at 40 % av aktørane sa dei hadde opplevd juks. Fiskeriministeren har uttrykt at dette er nedslåande og sørgelig. Noko ein lett kan vera samd i. Det ligg eit framlegg om ny landingsforskrift, der det er ytterligare krav til vekt og veging og kontroll av sedlar. Kva har fiskeriministeren tenkt å gjera med ny landingsforskrift og kor tid vil dette skje og vil det komme eventuelle andre tiltak?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:513 (2013-2014)

    Innlevert: 07.03.2014

    Sendt: 10.03.2014

    Svart på: 17.03.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Fiskeriministeren har uttalt at Røkke skal granskast vedrørande om leveringsforpliktelsane er oppfulgt eller ikkje. Sidan det er to industriselskap som har fått dispensasjon frå deltagerlova, så ønsker eg å få rede på om denne granskinga opp imot oppfulgt leveringsplikt også omfattar Nergård?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:512 (2013-2014)

    Innlevert: 07.03.2014

    Sendt: 10.03.2014

    Svart på: 17.03.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Det vart gjeve dispensasjon frå deltagerlova til Nergård og Aker Seafoods - nå Havfisk mot inngåelse av leveringsplikt. Det står i fleire mediar at delar/heile konsesjonane er vidareselt. Etter det eg kjenner til skal departementet godkjenne slike sal også viss det er delsal. Kan statsråden gje ein oversikt over gjennomførte sal og om forpliktelsane følgjer med salget?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:404 (2013-2014)

    Innlevert: 14.02.2014

    Sendt: 17.02.2014

    Svart på: 25.02.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Den nye strategien til Norway Seafoods knytt til foredlingsverksemda i nord betyr m.a at anlegget i Mehamn vert lagt ned/selt, og at anlegget i Hammerfest vert flytta frå Rypefjord til Forsøl. Selskapet legg til grunn at dette er i tråd med gjeldande leveringsforpliktelsar. Vil statsråden sikra at fisk som i henhold til leveringsforpliktelsane skal leverast til Hammerfest og Mehamn faktisk vert levert der, og leggja tidlegare varsla endringar i leveringsplikta i skuffen?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:283 (2013-2014)

    Innlevert: 16.01.2014

    Sendt: 17.01.2014

    Svart på: 24.01.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    I regjeringsplattforma under kapitlet Fiskeri og landbruk står det både at regjeringa vil auke antal konsesjonar i havbruksnæringa og at konsesjonar skal utgå . Vil regjeringa fjerne konsesjonsordninga?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:219 (2013-2014)

    Innlevert: 18.12.2013

    Sendt: 18.12.2013

    Svart på: 20.12.2013 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Halvparten av dei som søkte om grøne konsesjonar har fått søknadene avvist pga. formelle feil. I media vert det hevda at dei formelle feila f eks går ut på at kvittering er på engelsk. Det vert videre vist til at det er faggruppa for handsaming av dei grøne konsesjonane som skal sjekke formalia knytt til søknaden, og ikkje direktoratet. Meiner ministeren det er riktig tidsbruk at faggruppa skal gjere dette, og kan det garanterast at gode innovative grøne løysingar ikkje går tapt som følgje av små, uvesentlege formelle feil?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:99 (2013-2014)

    Innlevert: 19.11.2013

    Sendt: 20.11.2013

    Rette vedkommende: Arbeids- og sosialministeren

    Svart på: 27.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    I budsjettforslaget frå Høgre/FrP-regjeringa låg det inne eit stort kutt i permitteringsordninga for fiskeindustrien. I Altaposten 11.11 i år grunngjer stortingsrepresentant Frank Bakke-Jensen dette kuttet med at permitteringsordninga vart mykje misbrukt. Kan statsråden gjere greie før kva dette misbruket består i?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:43 (2013-2014)

    Innlevert: 31.10.2013

    Sendt: 01.11.2013

    Svart på: 08.11.2013 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    I Finnmark Dagblad 31.10.13 kan vi lesa at 100 tilsette ved Norway Seafood sitt anlegg i Hammerfest er permittert. Usikkerheita for dei tilsette og lokalsamfunnet elles vert ikkje mindre av at Høgre og Framstegspartiet i regjeringsplattforma har varsla at leveringsplikta skal knyttast opp mot ulike regionar, framfor enkeltanlegg og kommunar. Korleis vil statsråden konkretisera desse formuleringane, og kva for konsekvensar vil endringane få for dei tilsette ved Norway Seafood i Hammerfest?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:14 (2013-2014)

    Innlevert: 23.10.2013

    Sendt: 24.10.2013

    Svart på: 30.10.2013 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    I Regjeringserklæringa framgår det at regjeringa vil legge til grunn at strukturerte kvoter skal vera tidsubegrensa. Høgsterett har i dag, 23.10 gitt staten medhald i at innføring av ei tidsbegrensing på 25 år for fartyg som var tildelt tidsubegrensa strukturkvoter ikkje var grunnlovsstridig. Vil statsråden likevel innføre nye tidsubegrensa strukturkvoter i tråd med regjeringserklæringa?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:1252 (2007-2008)

    Innlevert: 10.06.2008

    Sendt: 11.06.2008

    Svart på: 17.06.2008 av olje- og energiminister Åslaug Haga

    Kraftverka Tyin, Fortun, Moflåt og Mål har heimfall mellom 2049 og 2057. I avtalen Hydro inngjekk med staten om kjøp av kraftverka forplikta selskapet seg til å nytte krafta i kraftintensiv industri. Krafta frå Tyin og Fortun skal nyttast slik i Årdal. Kraftverka i Røldal Suldal har heimfall i 2022. Av konsesjonsvilkåra framgår det at krafta skal nyttast i industriell verksemd på Vestlandet. Er Hydro framleis bunden av avtalen og konsesjonsvilkåra i lovframlegget om heimfall og off. eigarskap av vannkraftresursane?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justisministeren

    Dokument nr. 15:126 (2006-2007)

    Innlevert: 30.10.2006

    Sendt: 31.10.2006

    Svart på: 06.11.2006 av justisminister Knut Storberget

    I situasjoner der den attlevande forelder er dømd for forsetteleg eller overlagt å ha volda den andre forelders død, er det i dagens regelverk ein KAN-regel, som gjer at ein kan miste rett til forsikringsutbetaling, arverett og foreldrerett. Vil justisministeren vurdere ei lovendring slik at ein automatisk misser arverett, foreldrerett og rett til forsikringsutbetalingar i slike høve?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justisministeren

    Dokument nr. 15:918 (2005-2006)

    Innlevert: 22.05.2006

    Sendt: 23.05.2006

    Svart på: 06.06.2006 av justisminister Knut Storberget

    Er statsråden samd i at ordninga med bøtesoning skal avviklast, og kva alternativ til fengsel ser statsråden for seg?