Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Innhold

År 2006 den 13. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjerast følgjande endringar:

§ 3 skal lyde:

Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen, eller i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang. Kommunestyret kan velja å skrive ut eigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4 andre leden andre og tredje punktum. Utskriving av eigedomsskatt på verk og bruk kan òg skje i tillegg til utskriving av eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang.

§ 4 første punktum skal lyde:

Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret.

§ 5 ny bokstav h skal lyde:

  • h) Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk.

§ 7 bokstav e vert oppheva.

§ 11 første ledd andre punktum vert oppheva.

§ 13 første ledd første punktum skal lyde:

Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1.000 av takstverdet.

§ 13 første ledd femte punktum vert oppheva.

Endringane under I blir sette i kraft straks med verknad frå og med skatteåret 2007.

Overgangsreglar

Ved ikraftsetjing av endringane under I gjeld følgjande overgangsreglar:

Ved utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2007 i dei kommunane som vil nytte alternativet om eigedomsskatt i heile kommunen, skal skatten vera utskriven før 1. juni 2007.

Berit Brørby Asmund Kristoffersen
president sekretær