vedtak til lov
om endringer i friskolelova
og utdanningsstøtteloven
I
I lov 4. juli 2003
nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:
§ 3-1 skal lyde:
§ 3-1 Inntak av elevar
Skolane skal ha
heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller
vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova § 2-1
tredje ledd og § 3-1 første ledd. Dette gjeld òg skolar i utlandet
og internasjonale skolar i Noreg. Skolane kan reservere eit avgrensa
tal på elevplassar til søkjarar som kjem etter hovudinntaket.
Ved inntak til vidaregåande
skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova
§ 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande
opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Skolar for funksjonshemma
kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
Heimfylket skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før
han eller ho kan takast inn som elev ved ein vidaregåande skole. Departementet kan gi forskrift om
inntak til vidaregåande skolar. Forskrifta kan mellom anna innehalde
reglar om krava til inntak og om unntak frå krava i første og tredje
punktum.
Norske vidaregåande skolar i utlandet
kan ikkje ta inn vaksne.
Skolane skal ha
eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom
søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde
reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet
skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre
ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane
som skal takast inn.
Melding om inntak
av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven.
Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket
til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for
læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.
Ved avgjerd etter desse
reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak,
jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
II
I lov 3. juni 2005
nr. 37 om utdanningsstøtte skal § 8 fjerde ledd lyde:
Det kan gis utsettelse
med betaling av hele terminbeløp i inntil 3 år eller inntil 6 år
ved utsettelse av halve terminbeløp. I særlige tilfeller kan det gis
utsettelse ut over disse grensene. Det kan gis rentefritak
i forbindelse med videre utdanning, militærtjeneste, sykdom, arbeidsledighet
eller omsorgsforpliktelser når låntakers inntekt er under fastsatte
grenser, eller hvor andre forhold gjør at innkreving av renter vil
virke urimelig.
III
Loven trer i kraft
straks.