Vedtak til lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
Innhold og søk
Til toppen
I Stortingets møte 16. juni
2017 ble det gjort følgjande
vedtak til lov
om endring i lov
6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
I
I lov 6. juni 1975
nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endring:
§ 8 C-1 tredje ledd skal lyde:
(3) Er verdet (taksten)
for bustader sett ned ved fastsetjinga etter skatteloven § 4–10
første ledd andre eller tredje punktum, utgjer skattegrunnlaget
det justerte verdet multiplisert med 2,67 for primærbustad og 0,8 for sekundærbustad.
II
Endringa under I
tek til å gjelde straks med verknad frå og med skatteåret 2019.
Olemic Thommessen
president