Vedtak til lov om endringer i barnelova (barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år)
Innhold og søk
Til toppen
I Stortingets møte 4.
mai 2017 ble det gjort følgende
vedtak til lov
om endringer i barnelova
(barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år)
I
I lov 8. april
1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres følgende endringer:
§ 70 syvende ledd skal lyde:
Foreldra har plikt
til å opplyse det organet som skal handsame fastsetjinga av tilskotet,
om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om
alt anna som kan ha noko å seie for fastsetjinga av fostringstilskotet.
For å fastsetje tilskotet kan organet utan omsyn til teieplikta
krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgjevarar, likningsstell, arbeids-
og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer
eller forvaltar formueverdiar. For
å fastsetje tilskot etter at barnet har fylt 18 år, kan organet
utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar frå utdanningsinstitusjonar
om skulegangen er i gang, held fram eller er avslutta og om fagleg
progresjon.
§ 78 fjerde ledd skal lyde:
Vert tilskot som
er gjort opp, sett ned etter § 70 andre
stykket, § 74 eller § 76 eller etter klage , kan den tilskotspliktige
krevje at Innkrevjingssentralen for fostringstilskot gjer frådrag
i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som sentralen
finn rimeleg.
§ 83 a skal lyde:
Når avtaler med
framand stat med heimel i § 85 andre stykket i lova her eller i
bidragsinnkrevingsloven § 2 har reglar om utveksling av informasjon,
kan Arbeids- og velferdsetaten utan hinder av teieplikt gi andre
medlemsland opplysningar om identitet, adresse eller inntekts- og
formuestilhøve for partane i ei bidragssak, eventuelt etter at opplysningane
er henta etter § 70 sjuande stykket
i lova her eller etter bidragsinnkrevingsloven kapittel
3.
II
Olemic Thommessen
president