Vedtak til lov om endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn (om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)
Innhold og søk
Til toppen
I Stortingets møte 12. desember
2016 ble det gjort slikt
vedtak til lov
om endringar i lov
om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn
(om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)
I
I lov 13. juni 1969 nr. 25 om
trudomssamfunn og ymist anna skal § 19 første leddet tredje og nytt
fjerde punktum lyde:
Løyvingar som kjem
som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane
har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga
av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin
pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette
i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller
ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.
II
I lov 12. juni 1981 nr. 64 om
tilskott til livssynssamfunn skal § 2 andre leddet lyde:
Løyvingar som kjem
som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane
har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga
av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie
som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja
har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast
med i tilskottsgrunnlaget.
III
Lova gjeld frå 1.
januar 2017.
Olemic Thommessen
president