Spørsmål
Sveinung Rotevatn (V): Kommunal- og distriktsdepartementet sitt vedtak om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot og utskipingshamn ved Inste Bårdvikneset i Bremanger vil rasere eit område med den sjeldne naturtypen boreonemoral regnskog. Departementet skriv i grunngjevinga for å tillate naturøydelegginga at det finst to andre lokalitetar med boreonemoral regnskog i Bremanger.
Stemmer det, og kvifor er det at skogområdet ligg utanfor kjerneområdet for naturtypen, eit argument for å rasere det, i staden for eit argument som skjerpar verneverdien?