Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å følgje opp initiativet frå den førre regjeringa om la fiskeri- og havbruksnæringa sine organisasjonar påverke samansetninga i styra i Sjømatrådet og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering
Datert: 27.01.2022 Besvart: 09.02.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran
Olve Grotle (H): Sjømatrådet og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering er statlege aksjeselskap. Dei er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet, men blir begge finansierte fullt ut gjennom avgift på eksport av norsk sjømat. Det er derfor viktig at næringa sjølv er representert i styra i selskapa, og dertil får høve til å påverke samansetninga før styra blir oppnemnde av departementet. Den førre regjeringa tok initiativ til å rådføre seg med næringa sine organisasjonar før oppnemning av nye styre. Vil statsråden følge opp dette og rådføre seg med organisasjonane?