Muntlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Om det er på tide med eit nytt initiativ frå statsråden om at fylkesmennene skal vektleggja lokaldemokratiet sterkare, med bakgrunn i at lokalpolitikarar i heile landet, frå alle parti, fortel dei at dei framleis opplever at fylkesmannen er for streng

Datert: 04.11.2020
Besvart: 04.11.2020 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Spørsmålet mitt går til kommunalministeren.

Regjeringa har den siste tida vore oppteken av kva Fylkesmannen i framtida skal heita, mens Framstegspartiet er meir oppteke av kva rolle Fylkesmannen skal ha.

I haust har eg besøkt ei rekkje lokalpolitikarar, og det er éin ting som går igjen når eg besøkjer dei, og det er historiene dei fortel meg. I Kinn fortel dei at Fylkesmannen stoppar mykje, bl.a. ein tursti som ikkje er ferdig. I Stavanger har Fylkesmannen nekta Biltema å selja bilting. I Etne seier Fylkesmannen nei til å byggja eit hus fordi det er lukt frå nabogarden. I Bjørnefjorden tek Fylkesmannen omkamp på tidlegare godkjende planar på grunn av manglande byggjegrense. I Fitjar kommune går Fylkesmannen imot ei flytebrygge på ei øy som ikkje har bilveg. Og – kanskje ironisk: I min heimkommune, Austevoll, fremja Fylkesmannen motsegn for manglande parkeringsplassar på ei øy der det aldri har vore ein bil. I Bergen var det to naboar som skulle byggja seg naust. Den eine fekk ja, den andre, på ein heilt identisk plass, sa Fylkesmannen nei til. I Masfjorden var det eit ungt par som ville flytta heim og skilja frå ei tomt på heimegarden. Fylkesmannen sa nei. Og i Lillesand stoppa Fylkesmannen ein garasje som lokalpolitikarane ville ha.

Felles for alle desse sakene er at lokalpolitikarane har vore på plassen, dei har vurdert saka, dei har sagt ja. Fylkesmannen har ikkje vore på plassen. Han har sete på Google Maps og sagt nei.

Regjeringa har sendt ei rekkje brev om at fylkesmennene skal vektleggja lokaldemokratiet sterkare. Seinast sende Monica Mæland eit slikt skriv. Når me møter lokalpolitikarar i heile landet, frå alle parti, fortel dei at dei ikkje opplever at ting har vorte betre. Dei opplever framleis at Fylkesmannen er for streng. Så eg lurer på: Er det på tide med eit nytt initiativ frå denne statsråden om at fylkesmennene skal vektleggja lokaldemokratiet sterkare?


Les hele debatten