Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om at pasientar må ordne reisa sjølv, og legge ut for det reisa kostar, pga. manglande avtaledekning om pasientreiser i fleire distriktskommunar i Hordaland, og om statsråden meiner at det å legge ansvaret på sjuke pasientar, er i tråd med kravet i lova

Datert: 06.10.2020
Besvart: 14.10.2020 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Fleire distriktskommunar i Hordaland står frå veke 42 utan avtaledekning om pasientreiser med Sykehuskjøp, Helse Bergen HF. Grunnen er manglande avtalar blant anna knytt til pris. I område utan avtale må pasientar ordne reisa sjølv, og legge ut for det reisa kostar. Spesialisthelsetenestelova § 2-1 a, punkt 6, slår fast at helseføretaka har lovfesta ansvar for transport til undersøking og behandling i helse- og omsorgstenesta.
Meiner statsråden at det å legge dette ansvaret på sjuke pasientar, er i tråd med kravet i lova?


Les hele debatten