Spørsmål
Jenny Klinge (Sp): Det vert ofte tala om eit digitalt klasseskilje. No er det i ferd med å bli eit større transportmessig klasseskilje mellom folk som er avhengige av ferjer, og dei som ikkje er det. Verst er det for dei som er avhengige av fylkesvegferjer. Staten kompenserer ikkje fylka for dei reelle utgiftene dei har til ferjedrifta og til miljøferjer. Prisane veks, og tilbodet blir dårlegare somme plassar.
Vil statsråden ta ansvar for å finne ordningar som sikrar at fylkeskommunane blir sett i stand til å gi eit godt ferjetilbod?