Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om på kva måte statsråden vil sikra at ferjereisande og fylkeskommunen ikkje står aleine med den store meirkostnaden som er påført med omlegginga til låg- og nullutsleppsteknologi, med bakgrunn i auka ferjebillettprisar
Datert: 30.01.2020 Besvart: 05.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide
Hans Inge Myrvold (Sp): Ferjereisande i Hordaland og langs heile kysten står i ein uhaldbar situasjon. Frå nyttår har ferjebillettprisane auka i størrelsesorden 35–40 pst. Denne meirkostnaden er så stor at innbyggjarane i distrikta no anten må flytte eller bytte jobb for å få den økonomiske kabalen til å gå opp. På kva måte vil statsråden sikra at ferjereisande og fylkeskommunen ikkje står aleine med den store meirkostnaden som er påført med omlegginga til låg- og nullutsleppsteknologi?