Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til barne- og likestillingsministeren

Om kva statsråden vil gjere for å sikre alle barn forsvarlege akuttplasseringar, med bakgrunn i kritikk av barnevernet

Datert: 12.04.2018
Besvart: 25.04.2018 av barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Barnevernet er kraftig kritisert av Riksrevisjonen for si handtering av akuttplassering av barn og unge. Bufetat har ikkje god nok tiltakskapasitet til å plassere barn i nærområdet. For den kommunale barneverntenesta blir oppfølging av barnet vanskelegare. Bufdir har sett mål om at alle akuttplasseringar skal skje i statlege tiltak. Men alle regionar må gjennomføre private kjøp for å overhalde bistandsplikta.
Kva vil statsråden gjere for å sikre alle barn forsvarlege akuttplasseringar?


Les hele debatten