Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om at regjeringa sette ned eit utval som skal undersøkja behovet for etter- og vidareutdanning i arbeidslivet, utan at arbeidstakarsida er med på laget, og om det er slik at statsministeren ikkje ser på arbeidstakarorganisasjonane som ekspertar på sin eigen situasjon

Datert: 21.03.2018
Besvart: 21.03.2018 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Eg har tenkt å spørja om trepartssamarbeidet.
Det er sentralt i den norske samfunnsmodellen, og det har vore veldig viktig når me har møtt store utfordringar, anten det var arbeidsløysa på 1990-talet, eller då ein skulle gjennomføra pensjonsreforma på 2000-talet. Det hadde ikkje vore mogleg å forankra desse utfordringane og løysingane på dei på ein skikkeleg måte utan den tilliten som ein har klart å etablera mellom arbeidstakarsida, arbeidsgjevarsida og styresmaktene gjennom ganske mange år.
No er det slik at me møter nye utfordringar. Me veit at kompetansebehovet aukar, både hos den enkelte arbeidstakaren og hos bedriftene, og også på ulike arbeidsplassar. Me kan òg bruka trepartssamarbeidet for å møta denne nye, store utfordringa. I alle fall er det viktig for Arbeidarpartiet å gjera det. Det står i vårt program, me har 30 forslag om det. Det er ei prioritert samfunnsreform for oss, men det er ikkje mogleg å gjennomføra eller utvikla det på ein god måte utan at det er godt forankra hos partane i arbeidslivet.
Eg opplever at statsministeren ofte framhevar partssamarbeidet som viktig, men difor vert eg litt forundra når eg ser avstanden mellom ord og handling i ein del samanhengar. La meg ta nokre eksempel:
Regjeringa endra arbeidsmiljølova. Dei har det omstridde arbeidstidsutvalet, utan støtte frå partane. Dei sette ned eit såkalla ekspertutval for ei seriøs byggjenæring nyleg, utan at arbeidstakarane eller arbeidsgjevarane i byggjenæringa er representerte. Og aller ferskast: Regjeringa sette ned eit utval som skal undersøkja behovet for etter- og vidareutdanning i arbeidslivet, utan at arbeidstakarsida er med på laget. Det forundrar meg at når statsministeren set ned dette utvalet, 14 ekspertar som skal sitja i det, er ikkje ein einaste av dei frå arbeidstakarsida. Då må eg nesten spørja: Er det slik at statsministeren ikkje ser på arbeidstakarorganisasjonane som ekspertar på sin eigen situasjon?


Les hele debatten