Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om kva me kan gjere for å _inkludere fleire i vårt arbeidsliv_, med bakgrunn i ei utgreiing som viste at utviklingshemma i liten grad har tilgang til arbeidslivet og at dei aller fleste av dei er på arbeidsmarknadstiltak

Datert: 21.03.2018
Besvart: 21.03.2018 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Kristeleg Folkeparti vil ha eit inkluderande samfunn der alle opplever likeverd i praksis, der min verdi ikkje blir bestemt ut frå evner eller posisjon, men der kvart enkelt menneske har ein ukrenkeleg verdi nettopp i det å vere eit menneske.
Kristelig Folkeparti kjemper difor for at foreldre skal ha reelle og praktiske moglegheiter til å bere fram barnet sitt, sjølv om dei får beskjed på ultralyden om at barnet har eit ekstra kromosom, eller at barnet vil ha ekstra behov for oppfølging på eit eller anna vis. Me meiner det er eit felles ansvar – i venneflokkar, skule, arbeidsliv – at me inkluderer og gir rom for menneske i all sin ulikskap.
Eg er glad for statsministerens engasjement for eit inkluderande samfunn og arbeidsliv. I dag er det Downs-dagen. Eg har på meg to forskjellige sokkar. Initiativtakar er Nathea, og ho seier at denne Rockesokk-kampanjen handlar om at annleis er bra, annleis er gøy. Og eg har lyst til å leggje til: Annleisheit er viktig. Det er viktig fordi me da verdset at menneskeverdet er unikt, og at nettopp det at me er forskjellige og annleis på kvar vår måte, er med på å gjere det rikare. Mangfald er jo òg med på å gi ein ekstra kompetansebase, og me veit at arbeidsplassar der me har kreativitet, innovasjon og mangfald, gir i seg sjølv noko veldig positivt.
Hausten 2016 kom det ei utgreiing som viste at utviklingshemma i liten grad har tilgang til arbeidslivet, berre 25 pst., og at dei aller fleste av dei er på arbeidsmarknadstiltak.
Så mitt spørsmål til statsministeren er difor: Kva kan me gjere for å inkludere fleire i vårt arbeidsliv?


Les hele debatten