Muntlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til statsministeren

Om statsministeren kan stadfesta at det kjem eit betydeleg _grønt skatteskifte_ i statsbudsjettet for 2015, slik både Høgre sin miljøvernminister og miljøpolitiske talsmann har teke til orde for

Datert: 19.03.2014
Besvart: 19.03.2014 av statsminister Erna Solberg

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): For mindre enn to veker sidan kom Miljødirektoratet med ein rapport som seier at klimagassutsleppa i Norge må kuttast kraftig og raskt om me skal nå måla i klimaforliket om reduksjon av klimagassutslepp i 2020.
«Teknisk sett er det mulig å nå det nasjonale målet om reduksjon i klimautslippene innen 2020, men det blir krevende.»
Dette sier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Eit utvilsamt effektivt tiltak er å bruka skatte- og avgiftssystemet meir aktivt i miljøet si teneste – ei grøn skattereform – slik Venstre har ivra for lenge. Folk og næringsliv vil stilla opp for klimaet for framtidige generasjonar. Politisk er jobben å leggja til rette for at det vert enkelt, motiverande og lønsamt.
Eg har med glede registrert at miljøvernminister Tine Sundtoft i Dagbladet sist torsdag peikte på grøne skattar som eitt av fem verkemiddel gjennom klimadugnaden, og at Høgre sin miljøpolitiske talsmann Nikolai Astrup hadde «en økning av miljøbegrunnede skatter og avgifter» som eitt av seks miljøkrav til eiga regjering før budsjettkonferansen sist veke.
Regjeringa er som vanleg, og forståeleg nok, sparsame med opplysningane når det gjeld kva som konkret kjem i neste budsjett. Regjeringa har likevel varsla nokre endringar, m.a. at det vil koma såkalla vekstfremjande skatteletter.
Spørsmålet mitt er om statsministeren no kan stadfesta at det kjem eit betydeleg grønt skatteskifte i statsbudsjettet for 2015, slik både Høgre sin miljøvernminister og miljøpolitiske talsmann har teke til orde for.


Les hele debatten