Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Lødemel, Bjørn (1 - 20 av 39)
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:165 (2014-2015)

    Innlevert: 04.11.2014

    Sendt: 05.11.2014

    Besvart: 11.11.2014 av olje- og energiminister Tord Lien

    Ei av dei bygdene som vart sterkt råka av flaumen på Vestlandet sist veke var Flåm i Aurland kommune. Stortinget handsama i 2009 ei sak om å starte konsesjonshandsaming av eit kombinert skred-,flaumsikrings- og vasskraftsutbyggingsprosjekt i Aurland kommune og Flåmsvassdraget var ein del av dette prosjektet. Dette vart avvist av Stortingsfleirtalet. Kva råd vil statsråden gje Aurland kommune dersom dei ønskjer å ta opp att denne saka, og kva er dei viktigaste lærdomane etter denne flaumen?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1472 (2012-2013)

    Innlevert: 12.06.2013

    Sendt: 13.06.2013

    Besvart: 20.06.2013 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    Viser til tidlegare spørsmål om Tollvesenet sin kontroll- og ekspedisjonseining i Måløy. I svaret opplyser statsråden at kontrollfrekvens og resultat har lege på eit moderat nivå, og at han har tiltru til at Toll- og avgiftsetaten gjer dei riktige vurderingane for å sikre at etaten utfører sine tenester på ein god måte. No har den siste tilsette ved Tollstasjonen i Måløy sagt opp. Kva viser statistikken for det totale aktivitetsnivået ved tollstasjonen i Måløy, og når blir dei ledige stillingane i Måløy lyste ut?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:1434 (2012-2013)

    Innlevert: 06.06.2013

    Sendt: 07.06.2013

    Besvart: 14.06.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

    Då Stortinget 21. mars handsama Dok. 8 15 LS om motorferdsel i utmark viste statsråden til at han i november 2012 såg på muligheitene for å gje kommunane større myndigheit til å bestemme om dei vil opne for etablering av snøscooterløyper til rekreasjon. I debatten denne dagen uttalte statsråden at regjeringa ville føreslå endringar som ville opne for noko meir lokal styring, og at han tok sikte på å sende ut forslag på høyring kort tid etter påske. Når blir desse forslaga sendt på høyring, og kva går dei ut på?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:1424 (2012-2013)

    Innlevert: 05.06.2013

    Sendt: 06.06.2013

    Besvart: 13.06.2013 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

    Eg viser til svar på skriftlig spørsmål nr 1347. Kva tiltak har departementet sett i verk for å motverke språkskifte frå nynorsk til bokmål frå 2005 og fram til i dag, korleis har desse tiltaka virka, og kva nye tiltak vil regjeringa no sette inn for å motverke dette språkskifte?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:1347 (2012-2013)

    Innlevert: 22.05.2013

    Sendt: 22.05.2013

    Besvart: 31.05.2013 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

    Kunnskapsdepartementet sette våren 2012 ned ei ressursgruppe som skulle sjå på dei særskilde utfordringane for elevane som hadde nynorsk som hovudmål. Gruppa skulle sjå på årsakene til språkskiftet frå nynorsk til bokmål i skulen, og kome med framlegg til tiltak for å motverke språkskifte. Det siste møtet i gruppa var i november. Når kjem rapporten, kva kunnskap har departementet om årsakene til språkskiftet frå nynorsk til bokmål, og kva konkrete tiltak vil statsråden sette i verk for å motverke dette?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1293 (2012-2013)

    Innlevert: 08.05.2013

    Sendt: 08.05.2013

    Besvart: 16.05.2013 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    Fram til våren 2011 var det 4 tilsette ved Tollvesenet sin kontroll- og ekspedisjonseining i Måløy i Sogn og Fjordane. No er det 2 tilsette, og det blir berre 1 tilsett frå 1.juli. Kva skuldast denne ned-bemanninga, og kva vil skje med dette kontoret framover?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1232 (2012-2013)

    Innlevert: 24.04.2013

    Sendt: 25.04.2013

    Besvart: 08.05.2013 av samferdselsminister Marit Arnstad

    I ei nettsak på NRK Sogn og Fjordane 11.03.2013 blir det vist til at ein rapport Nordfjordkryssing AS har bestilt frå Samfunns- og næringsforsking med Victor Normann konkluderer med at den årlege gevinsten av E39 over Lote-Anda blir 350 millionar kroner. Det blir også vist til at indre løysing over Stryn gjev ein verdi på 234 millionar kroner pr. år. Dersom denne rapporten blir brukt som grunnlagsmateriale for val av trasé i Nordfjord er det viktig at heile rapporten blir offentliggjort. Vil statsråden sørgje for at det skjer?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:638 (2012-2013)

    Innlevert: 10.01.2013

    Sendt: 11.01.2013

    Besvart: 18.01.2013 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

    I eit svar til skriftlig spørsmål nr. 390 angåande Statnett si graving over elva Nausta viser statsråden til at planlagt boring under elva ikkje er mogeleg å gjennomføre. Dette er eit underleg svar når ein veit at det er teknisk og praktisk gjennomførleg å kjernebore både gjennom lausmasser og gjennom fast fjell. Statnett har vore kjend med at det skulle kjerneborast heilt tilbake til 2008, og det har vore eit klart krav frå grunneigarane. Kvifor er det ikkje mogeleg å kjernebore og kva metodar har blitt vurdert?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:391 (2012-2013)

    Innlevert: 03.12.2012

    Sendt: 04.12.2012

    Besvart: 09.01.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

    Elva Nausta er ein del av eit verna vassdrag i Naustdal kommune, og ei av landets beste lakseelvar. Gjennom vernevedtaket og vernestatusen er det strenge reglar for kva som kan gjerast i elva. Statnett har fått løyve til å grave over elva for å legge ei 132 kW kraftlinje i kabel. Sjølv om det er mogeleg å kjernebore under elva har Fylkesmannen gjeve løyve til å grave i elva. Kva er grunngjevinga for at Fylkesmannen har godkjend graving i elva, og vil denne praksisen også gjelde for andre inngrep i elva?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:390 (2012-2013)

    Innlevert: 03.12.2012

    Sendt: 04.12.2012

    Besvart: 19.12.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

    Den 27.11.2012 starta Statnett graving over elva Nausta i Naustdal kommune for å legge ei 132 kW kraftlinja i kabel. Elva Nausta er del av eit verna vassdrag, og ei av landets beste lakseelvar. Grunneigaren har kravd kjerneboring under elva for å få gjennom kabelen. Statnett har heile tida vore kjend med dette kravet frå grunneigaren. Likevel starta Statnett gravinga ei veke før klagefristen gjekk ut. Kva slag utgreiingar er gjort før gravinga starta, og kvifor vart arbeidet starta opp før klagefristen var ute?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:231 (2012-2013)

    Innlevert: 06.11.2012

    Sendt: 07.11.2012

    Besvart: 15.11.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

    Jämtkraft AB fekk konsesjon for erverv av 33,33 % av aksjane i Troms Kraftforsyning og Energi ved kongeleg resolusjon 7. september 2012. Tromsø kommune er usamde i dei vurderingane som departementet har gjort i konsesjonshandsaminga. Dette gjeld særleg framtidige avgjerder om nye investeringar i selskapet. Dette er ei sak som har nasjonal interesse, og som kan bli mal for andre liknande saker. Kva kontroll over nyinvesteringar meiner statsråden at Jämtkraft AB har etter aksjonæravtalen mellom partane?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:199 (2012-2013)

    Innlevert: 31.10.2012

    Sendt: 31.10.2012

    Besvart: 07.11.2012 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

    STX Norway Florø står framføre ei svært spennande utvikling innan riggservice. Verftet har alle føresetnader for å bli eit viktig verft på dette området. Utdjupinga av innseglinga til Florø er tidskritisk når det gjeld å kome i posisjon til oppdrag. Det må gjennomførast i 2013. Planane om utdjupung til 16 meter er klare. Kystverket har kapasitet til å starte opp, men prosjektet er ikkje med i NTP for 2010-2019. Kva vil statsråden gjere for å framskunde arbeidet med utdjuping av innseglinga til Florø?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:198 (2012-2013)

    Innlevert: 31.10.2012

    Sendt: 31.10.2012

    Besvart: 09.11.2012 av samferdselsminister Marit Arnstad

    I anbodsdokumentet for kortbanenettet frå Samferdsledepartementet er det vist til at det skal vere 4 direkte flyavgangar mellom Sogndal og Oslo. Dette er ikkje gjennomført av Widerøe i dag. Eit samrøystes Fylkesutval i Sogn og Fjordane gjorde følgjande vedtak i sak 62/12. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane kan ikkje akseptere at Widerøe bryt krava i anbodet til 4 direkte avgangar mellom Sogndal og Oslo. Kva vil statsråden gjere for at Widerøe skal oppfylle anbodsvilkåra med 4 direkteavgangar mellom Sogndal og Oslo?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:171 (2012-2013)

    Innlevert: 25.10.2012

    Sendt: 26.10.2012

    Besvart: 01.11.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

    Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn vart opna i 1993 av tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland. Senteret er eit av 17 autoriserte Nasjonalparksenter, og det var det første senteret i landet som vart bygd som eit Nasjonalparksenter. 4 Nasjonalparksenter får i dag doble tilskot frå MD. Senteret i Stryn får ikkje det på tross av at dei oppfyller alle krava i den nye strategiplanen for Naturhus som DN har laga for MD. Dette er svært urettferdig. Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:1803 (2011-2012)

    Innlevert: 24.08.2012

    Sendt: 28.08.2012

    Besvart: 07.09.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

    Flora kommune godkjende reguleringsplan for 3 hytter ved Endestadvatnet 16. juni 2009. Fylkesmannen la ned motsegn mot planen. Miljøverndepartementet støtta motsegna i vedtak 29. juni 2011. Saka har blitt klaga inn for Sivilombodsmannen, og Sivilombodsmannen ber om at saka blir teken opp på nytt på grunn av feil lovbruk. Departementet har svara administrativt at saka ikkje blir handsama på nytt. Dette er svært uvanleg og kritikkverdig. Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:1736 (2011-2012)

    Innlevert: 09.08.2012

    Sendt: 10.08.2012

    Besvart: 20.08.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

    I Elgå reinbeitedistrikt i Femundsmarka Nasjonalpark er det sett opp kunstige reir for kongeørn. Dette har skjedd utan at lokale styremakter eller tamreinnæringa har vore orienterte eller rådspurt. Dette er i kalvingsområda for tamrein og kongeørna tek årleg mange reinkalvar. I rovviltforliket blir det slege fast at rovvilt ikkje skal representere skadepotensiale i prioriterte beiteområde og kalvingsområde for tamrein. Kvifor er desse kunstige ørnereira sette opp, og kven har ansvaret for at dette er gjort?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1609 (2011-2012)

    Innlevert: 14.06.2012

    Sendt: 15.06.2012

    Besvart: 26.06.2012 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

    Det har kome fram opplysningar om svært lang handsaminstid for sakshandsaming og rettsprosessar i sakar som handlar om pasientskadeerstatning. Ein del av dette skuldast at saker har blitt anka av NPE, og kapasiteten i rettsvesenet. Kva gjer statsråden for å redusere belastninga som pasientane opplever ved lang sakshandsamingstid og lange rettsprosessar i saker som handlar om pasientskadeerstatning?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:1487 (2011-2012)

    Innlevert: 31.05.2012

    Sendt: 31.05.2012

    Rette vedkommende: Olje- og energiministeren

    Besvart: 13.06.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

    I Jordalen i Voss kommune har det lenge vore arbeidd med å få trygg veg til den vesle jordbruksbygda. Den einaste realistiske løysinga er å nytte ei planlagd kraftutbygging i kombinasjon med ein ny vegtunnel. Desse planane er no til handsaming hos NVE, men Fylkesmannen i Hordaland har kome med motsegn. Den 14. juni skal det haldast sluttbefaring med høyringspartane. Kva råd vil statsråden gje for å finne ei løysing som gjer at Holmen kraft får gjennomføre sine planar om kraftutbygging og Jordalen får trygg veg?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1438 (2011-2012)

    Innlevert: 23.05.2012

    Sendt: 24.05.2012

    Besvart: 04.06.2012 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    I ein interpellasjon på Stortinget 8.mai viser finansministeren til at Finansdepartementet arbeider med endringar av dagens avgifter på sjokolade og sukkervarer. Særavgiftsutvalet har anbefalt at dei tre forskjellige særavgiftene på sukkerhaldige produkt blir erstatta av ei generell avgift på sukker i mat og drikkevarer. Kven arbeider med desse endringane, når vil det evt. bli offentleggjort utkast til ei ny avgift, og arbeider departementet ut frå at denne avgifta skal kome i staden for dagens produktavgift?
  • Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:1370 (2011-2012)

    Innlevert: 10.05.2012

    Sendt: 10.05.2012

    Besvart: 22.05.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

    Sist beitesesong opplevde bøndene i områda mellom Luster og Lærdal store tap av lam på grunn av jerv. Enkelte bønder hadde tap på opp til 20 % av dei lamma som vart sende på beite. Desse områda er prioriterte beiteområde, og ifølgje rovviltforliket skal potensielle skadegjerarar takast ut. Det er registrert jerv i dette området, og all erfaring og dokumentert kunnskap viser at desse dyra ikkje vandrar ut av området. Kva vil statsråden gjere for å hindre ein ny dramatisk skadesommar i dei beiteprioriterte områda i Sogn?