Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:165 (2014-2015)
Innlevert: 04.11.2014
Sendt: 05.11.2014
Besvart: 11.11.2014 av olje- og energiminister Tord Lien

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Ei av dei bygdene som vart sterkt råka av flaumen på Vestlandet sist veke var Flåm i Aurland kommune. Stortinget handsama i 2009 ei sak om å starte konsesjonshandsaming av eit kombinert skred-,flaumsikrings- og vasskraftsutbyggingsprosjekt i Aurland kommune og Flåmsvassdraget var ein del av dette prosjektet. Dette vart avvist av Stortingsfleirtalet.
Kva råd vil statsråden gje Aurland kommune dersom dei ønskjer å ta opp att denne saka, og kva er dei viktigaste lærdomane etter denne flaumen?

Begrunnelse

Vi har bak oss dramatiske døgn i fleire bygder på Vestlandet sist veke, og dei materielle skadane er svært store. Heldigvis har det ikkje gått liv tapt, men det har vore nære på fleire stadar. Tidlegare har vi også sett dramatiske flaumar andre stadar i landet, og dessverre er det slik at vi må vente oss meir av dette i framtida.
Det er no ekstra viktig å ta lærdom av det vi har sett, og tryggleik for innbyggarane må stå i høgsete i dei vurderingane ein skal gjere framover.
Det viser seg svært ofte at dei elvane som er førebygde enten gjennom kraftutbygging eller vanlig førebygging står betre rusta mot store flaumar enn dei som ikkje er det. Det er ein viktig lærdom å ha med seg når ein skal vektlegge ulike omsyn ved til dømes kraftutbygging.
I saka som vart handsama av Stortinget i juni 2009 var det framlegg om å starte konsesjonshandsaming av eit kombinert skred-, flaumsikrings- og vasskraftutbyggingsprosjekt i Aurland kommune som Flåmsvassdraget var ein del av. I bakgrunnsmaterialet som følgde saka vart det vist til ei slik flaumsikringsprosjekt kunne redusere ein flaum frå 200 årsflaum til 50 årsflaum.
Det betyr i klartekst at mesteparten av dei skadane vi har sett i Flåm ikkje hadde vore der om denne flaumsikringa hadde vore gjennomført. Det må vere eit stort tankekors for dei som avviste dette i Stortinget i 2009.
I grunngjevinga frå dei som føreslo å starte konsesjonshandsaming vart det vist til at prosjekta i Aurland har så mange positive sider, både sikkerheitsmessige og energipolitiske, at det oppveg dei negative sidene med omsyn til verneverdiane i eit verna vassdrag. Kraftutbygging kan i framtida vere eit viktig tiltak for å trygge både menneskeliv og verdiar gjennom at ein får sikra elvar og vassdrag. Dette må ein ta omsyn til både lokalt og nasjonalt.

Tord Lien (FrP)

Svar

Tord Lien: I forbindelse med den avsluttende suppleringen av Verneplan for vassdrag (St.prp. nr. 53 (2008-2009)) samtykket Stortinget i at et kombinert skredsikrings- og vannkraftutbyggings-prosjekt i Aurland kommune kunne åpnes for konsesjonsbehandling (Stampa-prosjektet). Stortinget gikk i samtidig imot en tilsvarende åpning for overføring av vann fra Vindedalselva til Viddalsmagasinet på grunn av virkningene på verneverdiene i Flåmsvassdraget.
Vindedalsprosjektet ville bidratt til å øke kraftproduksjonen i Aurlandsverkene med 65 GWh/år og samtidig redusert flomfaren i Flåmsvassdraget. Mindretallet fra Høyre og Fremskrittspartiet mente at disse fordelene måtte veie tyngst i vurderingen av om det skulle åpnes for konsesjonsbehandling.
Konsesjonsmyndighetene kan ikke gi konsesjon til kraftutbygging i vernede vassdrag uten samtykke fra Stortinget. Det betyr at denne saken eventuelt må legges fram for Stortinget på nytt, før konsesjonsbehandling kan bli aktuelt.
Det vil være opp til rettighetshaveren, E-CO Vannkraft AS, å be vassdragsmyndigheten om å innhente samtykke fra Stortinget til å søke konsesjon for en eventuell overføring til Viddalsmagasinet. Jeg kan derfor ikke ta ytterligere stilling til denne saken nå.
Aurland kommune må selv vurdere om arbeidet med det kombinerte prosjektet skal gjenopptas i samarbeid med rettighetshaveren og andre interessenter i vassdraget. Generelt mener jeg det er viktig at hensynet til sikkerhet mot flom blir tillagt betydelig vekt i vurderingen av utbygging av vannkraft.