Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1424 (2012-2013)
Innlevert: 05.06.2013
Sendt: 06.06.2013
Besvart: 13.06.2013 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Eg viser til svar på skriftlig spørsmål nr 1347.
Kva tiltak har departementet sett i verk for å motverke språkskifte frå nynorsk til bokmål frå 2005 og fram til i dag, korleis har desse tiltaka virka, og kva nye tiltak vil regjeringa no sette inn for å motverke dette språkskifte?

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Skoleåret 2009 – 2010 hadde 13,2 pst. av elevane i grunnskolen nynorsk som hovudmål. Talet har gått ned dei siste åra, frå noko over 15 prosent i 1999 – 2000. I vidaregåande opplæring velgjer elevane målform individuelt, og talet på nynorskelevar går ytterlegare ned når elevane byrjar i vidaregåande skole. På studieførebuande utdanningsprogram hadde 6,7 prosent av eksaminandane på Vg3 nynorsk som hovudmål våren 2011. I 2008 var tallet 7,7 prosent.
Tendensen til målbytte varierer i ulike delar av landet. Data fra prosjektet Målstreken viser blant anna at berre 5 prosent av elevane ved Firda vidaregåande skole (Sandane i Sogn og Fjordane) som har hatt nynorsk i grunnskolen bytter til bokmål på vidaregåande. Tilsvarande tall for elevar ved Valdres vidaregåande skole (Fagernes i Oppland) er imidlertid 75 prosent. I ei vurdering av årsakene til målbytte og kva for tiltak som bør setjast i verk for å motverke denne tendensen, er det viktig å ta hensyn til regionale forskjeller. Det er også viktig å ha med seg at målbytte som skjer i skolen ikkje berre heng saman med opplæringa, men også må sjåast i samanheng med den generelle samfunnsutviklinga.
Når det er sagt, er skolen ein av dei viktigaste plassane i samfunnet der vi skal arbeide for å hindre målbytte. Nynorsk skal vere eit levande språk i opplæringa. Det er eit behov for å styrkje innsatsen slik at fleire elevar held fast ved nynorsk som hovudmål gjennom heile opplæringa. Motivasjon, haldningar, kultur og kompetanse er alle viktige element som kan medverke til å nå dette målet.
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) vart skipa 1. januar 2005. I mandatet ligg det at senteret skal bidra til auka kvalitet i arbeidet med nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal mellom anna ta initiativ til og gjennomføre kvalitetsutviklingstiltak knytte til fagdidaktisk verksemd i samarbeid med skuleeigarar og UH-sektoren/lærarutdanninga.
I Stortingsmelding nr 23, Språk bygger broer (2007 – 2008), står det at departementet vil styrkje nynorsk i opplæringa gjennom ei tiltaksplan knytt til Nynorsksenteret med mellom anna desse hovedområda:

- Nynorsk i kvardagen for barn og unge i barnehage og skole
- Nynorskopplæring som er motiverande og gjev bedre læringsutbytte
- Kompetanseutvikling i nynorsk for lærarar og førskolelærarar
- Betre kunnskapsgrunnlag om nynorskopplæringa gjennom statistikk og forskning

Dette var bakgrunnen for at Nynorsksenteret fekk ansvaret for å utarbeide og gjennomføre Tiltaksplan for nynorsk i opplæring (2009 – 2012). Tiltaksplanen hadde tiltak for barnehagen, barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skole, yrkesfag, språklege minoritetar og UH-sektoren. Eit av tiltaka var eit prosjekt med vekt på skriving i alle fag for elevar med nynorsk som hovudmål. Prosjektet har vore treårig og vart gjennomført i fleire område med nynorsk som hovudmål. Nynorsksenteret er i ferd med å gjere ferdig ein rapport om denne tiltaksplanen i desse dagar.
Kunnskapsdepartementet oppretta våren 2012 ei ressursgruppe for nynorsk som hovudmål. I mandatet til gruppa står det mellom anna at gruppa skal drøfte og kome med forslag til korleis vi kan få meir kunnskap om årsak til målbytte i grunnskolen og særleg i overgangen til den vidaregåande skolen og korleis kan vi hindre at slikt målbytte skjer. Rapporten vil komme med innspel til korleis styresmaktene for utdanning kan arbeide for å hindre at mange elevar bytter frå nynorsk hovudmål til bokmål hovudmål under opplæringa. Departementet vil motta rapporten innan 21. juni 2013.
Dei to rapportane som kjem før sommaren vil kunne gje oss betre kunnskap om kva som kan vere med å motverke målbytte, og gje forslag til nye tiltak til vidare arbeid. Eg ser fram til å sjå kva resultat tiltaksplana har ført til og kva forslag ressursgruppa vil foreslå.