Interpellasjon fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Interpellasjon nr. 23 (2022-2023)
Om kva planar regjeringa har om å fylgje opp naturavtalen som vart underskrive 19. desember 2022, om når Stortinget kan få framlagt ein strategi med konkrete mål og planar for gjennomføring av naturavtalen i Noreg, og om regjeringa vil revidere og justere eksisterande planar som er i sterk strid med naturavtalen sine mål
Oversendt regjeringen: 16.01.2023
Besvart: 07.02.2023 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Ein historisk viktig naturavtale vart underskriven 19. desember 2022. Naturavtalen sitt mål om 30 pst. representativt vern av areal, 100 pst. berekraftig bruk og restaurering av øydelagd natur skal no fylgjast opp i Noreg. Vi kan ikkje fortsetje som før, og det hastar med å ta betre vare på naturen.
Kva planar har regjeringa, når kan Stortinget få framlagt ein strategi med konkrete mål og planar for gjennomføring av naturavtalen i Noreg, og vil regjeringa revidere og justere eksisterande planar som er i sterk strid med naturavtalen sine mål?

Les hele debatten