Interpellasjon fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Interpellasjon nr. 20 (2003-2004)
Om tiltak for å unngå nedbygging av _den kraftforedlande industrien_ i Noreg framover, med bakgrunn i m.a. kraftprisauken og uvisse knytt til uavklara miljøkrav
Oversendt regjeringen: 15.01.2004
Besvart: 06.02.2004 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Den kraftforedlande industrien i Noreg har utvikla seg til å vera ei av dei viktigaste næringane i landet. Denne industrien sysselset i dag om lag 22 000 menneske, og er ei svært viktig næring for distrikta og for mange underleverandørar i Noreg. Tilgang på nok kraft til konkurransedyktige prisar har vore avgjerande for denne utviklinga. Dei gamle kraftkontraktane vert nå gradvis fasa ut, og industrien må kjøpa kraft til ein marknadspris som er vesentleg høgare enn for dei ein konkurrerer med ute i verda. Prisauken i den norske kraftmarknaden kan føra til at kraftprisane blir meir enn dobla - for nokre verksemder tredobla, til dømes for Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) og verksemder i Mo i Rana. Alt tyder på at denne industrien er inne i ei krevjande tid, med stadig hardare konkurranse og uvisse knytte til uavklara miljøkrav.
Kva vil statsråden gjera for å unngå nedbygging av den kraftforedlande industrien i Noreg framover?

Les hele debatten