Interpellasjon fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Interpellasjon nr. 47 (1998-99)
Om å _gi norske grunnskular større sjølråderett_
Oversendt regjeringen: 22.03.1999
Besvart: 13.04.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): OECD-rapporten "Education at a Glance" viser at norske grunnskular har svært lite sjølvstyre samanlikna med skular i andre land. Av 22 OECD-land er det berre Tyrkia som gir den einskilde skulen mindre høve til å fatte eigne avgjerder. Sjølv i land utanfor OECD som til dømes Kina, Jordan og Indonesia har skulane større sjølvstyre enn i Norge. I Norge vert 9 pst. av avgjerdene tekne ved den einskilde skulen. Tilsvarande tal for Kina er 48 pst.. Situasjonen vert stadfesta av mange norske lærarar, og det er grunn til å tru at den sterke detaljstyringa i skulen er med å hindre at ein får utnytta dei store og positive ressursane vi har hos rektorar, lærarar og elevar fullt ut.
Kva konkret vil statsråden gjere for å gi norske skular større sjølvråderett?

Les hele debatten