Stortinget - Møte tirsdag den 13. april 1999 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Sak nr. 2
Interpellasjon fra representanten Petter Løvik til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«OECD-rapporten «Education at a Glance» viser at norske grunnskular har svært lite sjølvstyre samanlikna med skular i andre land. Av 22 OECD-land er det berre Tyrkia som gir den einskilde skulen mindre høve til å fatte eigne avgjerder. Sjølv i land utanfor OECD som til dømes Kina, Jordan og Indonesia har skulane større sjølvstyre enn i Norge. I Norge vert 9 pst. av avgjerdene tekne ved den einskilde skulen. Tilsvarande tal for Kina er 48 pst. Situasjonen vert stadfesta av mange norske lærarar, og det er grunn til å tru at den sterke detaljstyringa i skulen er med å hindre at ein får utnytta dei store og positive ressursane vi har hos rektorar, lærarar og elevar fullt ut.
Kva konkret vil statsråden gjere for å gi norske skular større sjølvråderett?»
Votering i sak nr. 2
Presidenten: Under debatten har Petter Løvik satt fram to forslag på vegne av Høyre.
Forslag nr. 1 lyder:
«Stortinget bed Regjeringa gjennomgå lov- og regelverk for grunnskulen, med sikte på å leggje til rette for at den einskilde skulen og den einskilde læraren – innanfor rammene av nasjonalt vedtekne mål for undervisninga – kan ha stor fridom når det gjeld val av metode og praktisk utforming av undervisninga.»
Forslag nr. 2 lyder:
«Stortinget bed Regjeringa leggje fram forslag som gir den einskilde skulen større økonomisk, administrativ og organisatorisk handlefridom.»
Petter Løvik har bedt om ordet til stemmeforklaring.
Petter Løvik (H): Debatten har vist at det er stor semje om både intensjonar og retning i forslaga. Eg ser derfor ikkje nokon grunn til å halde fast ved forslaga. Eg trekker dei, og vi vil følgje opp saka vidare.
Presidenten: Da foreligger det heller ikke noe voteringstema i sak nr. 2.