Bakgrunn
Den akuttmedisinske beredskapen er ein grunnstein
i helsetenesta. Kvalitet og nærleik til akuttfunksjonar er viktig
for å etablere tryggleik og føreseielegheit når hjelpa hastar. Noreg
handsamar i stort akutte skadar og sjukdomar utanfor sjukehus på
ein god måte. Det er likevel for stor geografisk ulikskap i befolkninga sitt
tilbod, og det er behov for kvalitetsheving i heile akuttkjeda.
Å møte akutt sjukdom og skade tidlegast mogleg
og slik sikre tidleg diagnostikk , behandling og rask transport
til rett nivå i helsetenesta, vil vere livreddande, men vil også
redusere funksjonstap og sikre betre helse i befolkninga. Satsing
på akuttkjeda i Noreg vil derfor også vere god samfunnsøkonomi.
Noreg er eit land med lange avstandar, spreidd
busetnad og klimatiske utfordringar, og kan vere eit utfordrande
land å drive akuttmedisinske tenester i. Ulike regjeringar har gjennom
fleire år uttrykt ei målsetting om at alle innbyggarar skal ha tilgang
til likeverdige helsetenester av god kvalitet. Reisetid og avstand
til helsetenester er viktig i akutte situasjonar, og mange stader
i landet er det relativt lang veg til viktige helsetenester.
Det er no gått 10 år sidan eit offentleg utval
la fram NOU 2015:17 om eit heilskapleg system for handtering av
akutte sjukdomar og skadar utanfor sjukehus. Utvalet peikar på som
eit særskilt problem at både helseføretak og kommunar sentraliserer
i sine akuttilbod. Det blir vist til at lengre reiseveg til helsetilbod
reduserer etterspørselen, også ved akutt sjukdom. Dette trugar målet
om likeverdige helsetenester for alle. I utgreiinga blei det føreslått
ei rekke tiltak for å forbetre dei akuttmedisinske tenestene utanfor
sjukehus (fastlegar, legevakt, heimebaserte tenester, kommunale
omgåande hjelp- tilbod, medisinsk nødmeldeteneste og ambulansetenesta).
Utvalet tok også for seg skular, idrettslag, arbeidsplassar, dei
frivillige og andre etatar si rolle og foreslo blant anna ein nasjonal
førstehjelpsstrategi.
Akuttutvalet foreslo at kommunar og helseføretak utarbeider
felles akuttmedisinske planar, og at denne plikta blir felt ned
i ei revidert akuttmedisinforskrift. Vidare viste utvalet til at
ei effektiv båt-, bil- og luftambulanseteneste vil få aukande betydning
i framtida og vil vere ein føresetnad ved strukturendringar i helsetenesta.
Store avstandar og transportløysingar fører til at legar langt sjeldnare
enn før reiser i sjukebesøk og rykker ut ved akutte hendingar. Utvalet
foreslo at responstider for dei ulike tenestene må inngå i eit heilskapleg
kvalitetsindikatorsett, og tenestene må dokumentere og offentleggjere
sine resultat. Akuttutvalet meinte også at det var behov for at
legevakttenesta måtte dimensjonerast og bemannast betre etter innbyggarane
og pasientane sine behov for ei tilgjengeleg teneste.
Akuttutvalet er ennå ikkje følgt opp på ein
heilskapleg måte. Punktet i Hurdalsplattforma om at regjeringa skal
fremme ei eiga stortingsmelding om akuttilbod utanfor sjukehus,
er ikkje gjennomført.