Bakgrunn
Israel har bomba Gaza i seks veker. Halvparten
av bustadblokkene er skadde, over ein million menneske er drivne
på flukt, og over 11 000 menneske er drepne. Det er drept fleire
barn i Gaza no enn i alle krigar og konfliktar i heile verda i heile
fjor. Sjukehus og skular er trefte, helsepersonell drepne og ambulansar
angripne. Som om ikkje dette var ille nok, er folket i Gaza offer
for ein fullstendig blokade og vert nekta tilgang på grunnleggande
gode som vatn, mat, medisinar og straum. Israels angrep på Gaza
er med andre ord svært omfattande og intensivt, og gjentekne gonger
viser Israel liten vilje til å skjerme sivile, slik dei er forplikta
til etter krigens folkerett.
Den 27. oktober 2023 kravde Noreg i lag med
fleirtalet av verdas land i FN umiddelbar humanitær våpenkvile.
Israel viste ingen vilje til å rette seg etter FNs krav. Tvert imot
auka intensiteten med bakkeinvasjon og påfølgjande isolering av
sivilbefolkninga i Gaza by etter vedtaket. Noreg og ei rekkje andre
land har brukt alle diplomatiske kanalar til å overtale Israel dei
siste vekene, men dagane og vekene går utan teikn til våpenkvile eller
reell humanitær tilgang, og stadig fleire sivile vert drepne. Blant
dei er ei norsk kvinne på 48 år som var i Gaza for å besøke den
sjuke faren sin. Rundt 200 nordmenn er framleis innesperra under
bomberegnet, og hjelpeorganisasjonar seier at det ikkje finst trygge
stader igjen i Gaza.
Helsesystemet har kollapsa etter at legar har
arbeidd døgnet rundt i vekevis, medisinlagra vert tømde og mangel
på straum gjer at kuvøser med spedbarn, respiratorar og andre livreddande
maskiner ikkje lenger går. Barn drikk seg sjuke på forureina vatn,
og stadig fleire svelt. Det hastar med ei våpenkvile, og verda kan
ikkje lenger tolmodig vente på at Israel skal tillate humanitær hjelp
til den lidande befolkninga i Gaza. Det er på tide å setje makt
bak krava.
Noreg innførte historisk strenge sanksjonar
som svar på Russlands brutale angrep på Ukraina i 2022. Eit breitt
fleirtal på Stortinget stilte seg bak sanksjonane som var meinte
å redusere Russlands evne til å fortsetje krigen. Sanksjonane vart
sette i verk nettopp fordi diplomatisk press ikkje gav effekt.
Noreg har ikkje tradisjon for å setje i verk
sanksjonar på eiga hand. Men i den situasjonen me no står i, der Noreg
er eit av få vestlege land som faktisk krev våpenkvile, bør Noreg
både ta initiativ til internasjonale sanksjonar og gå framfor med
eit godt døme. Det er ingenting i vegen for at Noreg kan føreslå
internasjonale sanksjonar overfor andre land, og regjeringa kan
når som helst be om ein heimel frå Stortinget for å innføre unilaterale
sanksjonar dersom det manglar ein lovheimel for det i dag.