Representantforslag om forbod mot eksport av varer og tenester som kan brukast til overvaking av opposisjonelle i Iran

Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Sidan moralpolitiet drap Jina (Masha) Amini den 16. september, har verda vore vitne til at det autoritære iranske regimet har slått hardt ned på opposisjonen. Tusenvis har tatt til gatene i protest mot styresmaktene si kvinneundertrykking og for demokrati. Regimet har svara med massearrestasjon og drap. Ifølgje menneskerettsorganisasjonar kan så mange som 434 demonstrantar vere drepne. Av desse er 60 born. Det er farleg å demonstrera i Iran og kvar einaste modige demonstrant vert sett av regimet.

Det er ikkje berre folkesamlingar i gatene som vert overvaka og straffa. Alle kritiske ytringar mot regimet vert observert gjennom ei strukturell overvaking. Det er godt kjent at opposisjonelle er overvaka gjennom avlytting og overvaking av internett og telekommunikasjon.

Forretningsmessige relasjonar mellom Iran og norske næringsaktørar er regulert med forskrift om sanksjoner og tiltak mot Iran av 2007. Det er forbode å eksportera ei lang rekke varer til Iran, og norsk eksport til landet er også liten.

Når det kjem til utstyr, teknologi og programvare som kan brukast til overvaking og avlytting av internettsamband eller telekommunikasjon, er dette likevel ikkje regulert med totalt forbod. Det opnast for eksport, sal og overføring av ulike IKT-varer og tenester, men berre ved godkjent søknad i Utanriksdepartementet. Ifølgje forskrifta skal det ikkje gjevast løyve dersom det er «rimeleg grunn til å fastslå» at varene, tenestene eller programvara vil bli bruka av det iranske regimet til overvaking og avlytting. Det er dermed grunn til å tru at departementet handsamar eventuelle søknadar strengt. Eit klart forbod vil likevel tetta eventuelle hol og også senda eit viktig politisk signal til det iranske regimet.

Noreg har ein betydeleg eksport av teletenester, og det gjer det ekstra viktig å vera årvaken innan dette feltet. Det er grunn til å tru at norske bedrifter i liten grad nyttar seg av moglegheita til å søka om å eksportera varer og tenester innan internett og telekommunikasjon til Iran. Men reglar er til for å løysa dei vanskelege situasjonane – avvika som bekreftar regelen om etisk forretningsverksemd. Det norske telekommunikasjonsselskapet Telenor står på Californias pensjonskasse for offentleg tilsette si monitoreringsliste med grunngjeving i at selskapet i 2019 vart identifisert som ein potensiell leverandør av mobiltenester i Iran.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremma følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa skjerpa forskrift om sanksjonar og tiltak mot Iran ved å forby eksport og overføring av utstyr, teknologi eller programvare som kan brukast til overvaking eller avlytting av internett-samband eller telekommunikasjon slik skildra i § 5 nr. 5 bokstav a,b,c og d.

8. desember 2022

Ingrid Fiskaa