Bakgrunn
Noreg sin medlemskap
i NATO har vore ein berebjelke i norsk forsvarspolitikk i over 70
år. Det er brei politisk semje om dette i Noreg. Artikkel 5 i Atlanterhavstraktaten
seier klårt at eit væpna åtak mot ein eller fleire allierte skal
sjåast som eit åtak på alle. Gjennom Artikkel 3 slår Atlanterhavstraktaten
samstundes tydeleg fast at kvart land pliktar å oppretthalde og utvikle
si individuelle og felles evne til å motstå væpna åtak.
Under NATO sitt toppmøte
i Wales underteikna alle NATO-landa ei fråsegn som slo fast at medlemslanda forplikta
seg til å styrkje dei nasjonale forsvara sine. I fråsegna frå Wales
slo NATO-landa mellom anna fast følgjande:
«We recognise that
these steps will take the necessary effort and funding. In light
of this, we agree to reverse the trend of declining defence budgets
and aim to increase defence expenditure in real terms as GDP grows;
we will direct our defence budgets as efficiently and effectively
as possible; we will aim to move towards the existing NATO guideline
of spending 2% of GDP on defence within a decade, with a view to
fulfilling NATO capability priorities.»
Alle dei fire største
partia på Stortinget gjekk til val på partiprogram som inneheldt
NATO sitt toprosentsmål. Etter Høgre sitt landsmøte kunngjorde partiet
følgjande på eigne heimesider 12. mars 2017:
«Høyre vil bruke
to prosent av BNP på Forsvar innen 2024, som vil bety en ytterligere
opptrapping av forsvar, sikkerhet og beredskap.»
Framstegspartiet
stadfesta etter partiet sitt landsmøte i ein artikkel publisert
24. april 2016 at partiet ville styrkje Forsvaret. Mellom anna kunne
ein lese følgjande sitat frå partiet sin representant i utanriks-
og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde:
«For at vi skal ha
troverdighet så må vi starte opptrappingen i 2017-budsjettet. Vi
må sikre NATO-målet om å bruke 2 prosent av BNP på forsvar og at
dette målet blir nådd senest i 2024.»
Nils Holme har på
vegne av Institutt for forsvarsopplysning utarbeidd rapporten «På
vei mot et realistisk krigsforsvar. Økning av forsvarsbudsjettet
til 2 % av BNP». I rapporten vert det estimert at ein auke i forsvarsbudsjettet
slik at det utgjer to prosent av BNP i 2024, vil krevje ein vekst
på om lag ein tredel av det samla forsvarsbudsjettet i 2017, tilsvarande
ca. 17 mrd. kroner. Holme skriv i rapporten:
«Samlet sett vil en økning av forsvarsbevilgningen med
1/3 muliggjøre omkring en tredobling av forsvarets operative kapasitet
for nasjonalt krigsforsvar.»
Holme skriv videre
at ei jamn opptrapping mot toprosentsmålet
«medfører behov for
planfasthet og fullmakter for iverksettelser med dekning i fremtidig
budsjettøkning».
Ut frå partiprogramma
og partia sin kommunikasjon kring forsvarssaka skulle det vere eit
klårt fleirtal på Stortinget for å møte Noreg sine plikter overfor
NATO. Å nå NATO sitt toprosentsmål er økonomisk krevjande. Å oppfylle
målet inneber at det må gjerast nasjonale prioriteringar som er
politisk krevjande. Det må no visast politisk vilje på tvers av
fleire parti på Stortinget.
Det er i liten grad
drøfta på Stortinget korleis desse pengane skal fasast inn, og kva
midlane skal brukast til. Tidlegare sjef for Etterretningstenesta
og sjef for Hæren sin styrkar, Kjell Grandhagen, har peika på desse
utfordringane. I ein kronikk i DN 14. juni 2017 etterlyste Grandhagen
ein heilskapleg plan for opptrappinga mot NATO sitt toprosentsmål.
Vidare skreiv Grandhagen
at
«uten en slik helhetlig
plan raskt på plass risikerer vi både feilinvesteringer og nedleggelse
av baser vi under nye rammebetingelser ville velge å beholde. Gjennom de
siste måneders forsvarsdebatt har mye blitt sagt om innretningen
av vårt forsvar. Noen har tatt til orde for et forsvar utelukkende
basert på langtrekkende strategiske kapasiteter som kan ramme en
motstander på dypet. Noen har også ment at Finnmark ikke hverken kan
eller bør forsvares. Jeg er dypt uenig i begge deler. Å forsvare
alle deler av landet – og i særdeleshet den mest utsatte delen,
Finnmark – må være en selvfølge. Ingen nasjonalstat med respekt
for seg selv kan bevisst definere seg bort fra fysisk å forsvare
sitt territorium og sine innbyggere.»
I eit intervju i
Forsvarets forum med generalsekretæren i NATO, publisert 14. februar
2018, understreka generalsekretæren tydinga av at Noreg følgjer
opp toprosentsmålet. Han slår fast følgjande:
«29 regjeringssjefer
har lovet hverandre å gjøre mer – og det er behov for mer. Hvorfor?
Det handler om hvilke kapasiteter vi får, men også om fellesskapet
i Nato – limet som binder oss sammen. Vi har gitt hverandre et løfte.
Det må vi holde».
For å sikre samsvar
mellom Forsvaret sin struktur, økonomi og oppgåver er det naudsynt
at Stortinget ber regjeringa leggje fram ein opptrappingsplan for
Forsvaret for å nå NATO sitt mål om forsvarsløyvingar tilsvarande
to prosent av BNP i 2024.