Bakgrunn
Fylkeskommunane har
ansvar for store deler av det offentlege vegnettet i landet. Fylka
har synt seg som gode vegeigarar etter at dei overtok store delar
av det statlege vegnettet ved at dei innanfor sine rammer har prioritert
vegbygging og vedlikehald høgt. Likevel var mykje av vegnettet som
fylka overtok, i dårleg stand, med eit stort vedlikehaldsetterslep
som igjen har medført redusert investeringskapasitet spesielt for større,
nye vegsamband.
Fleire rapportar
om tilstanden til fylkesvegnettet teiknar det same biletet, nemleg
at vedlikehaldsetterslepet har auka dei siste åra på denne delen
av vegnettet. Forslagsstillarane meiner ramma til fylkeskommunane burde
vore auka, og syner til at Senterpartiet i fleire alternative statsbudsjett
har sett av høgre rammer til fylkeskommunane, og at regjeringa har
endra inntektssystema slik at nokre fylker med mange kilometer fylkesveg
har kome dårlegare ut.
Transportetatane
skreiv fylgjande i grunnlagsdokumentet til Nasjonal Transportplan
(NTP) 2018–2029
«Det er
et betydelig forfall på fylkesvegnettet. Kostnaden knyttet til utbedring
av kritisk infrastruktur som tunneler, bruer og ferjekaier er så
omfattende at transportetatene mener det bør vurderes et eget program
for fornylese av fylkesveier.»
Dette
vart ikkje prioritert av stortingsfleirtalet eller regjeringa under
handsaminga av NTP våren 2017.
Ein fersk analyse
frå Oslo Economics syner at dersom løyvingane til vedlikehald av
vegdekke og vegfundament vert auka med om lag 1,5 mrd. kroner per
år i perioden 2018–2029, vil det gje ei samfunnsøkonomisk nettonytte
på mellom 8,3 og 11,9 mrd. kroner. Oslo Economics har òg talfesta
kostnaden ved å skyve etterslepsarbeidet fram i tid. Til dømes vil
ei utsetjing av vedlikehaldsetterslepet med fem år redusere samfunnsnytta med
2,1 mrd. kroner.
Forslagsstillarane
meiner situasjonen no er så alvorleg at det er behov for eit statleg
program for å auke vedlikehaldet i samarbeid med fylka. Forslagsstillarane meiner
programmet kan innrettast som ei tilskotsordning der staten løyver
eigne midlar til formålet.