Representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge og Per Olaf Lundteigen om endring av straffelova slik at utleigar kan haldast ansvarleg ved ulovleg verksemd i lokale som blir leigd ut
Innhold
«Operasjon Vaskebjørn» er eit samarbeidsprosjekt mellom politiet, Skatteetaten, kemneren, Nav og Arbeidstilsynet. Prosjektet har sidan 2011 kontrollert eit hundretals vaskehallar i Noreg. Opphavleg var prosjektet planlagt å vara eitt år, men det pågår enno. Prosjektet har avdekka ei rekkje brot på lover og regelverk, m.a. innvandrarar utan korkje arbeids- eller opphaldsløyve som bur og arbeider for særs låg løn i vaskehallane dei arbeider i. Desse personane blir slik utnytta økonomisk av bakmenn.
I samband med den koordinerte aksjonen mot ein vaskehall aust i Oslo kommune som Skatt Øst, kemneren, Arbeidstilsynet og Nav gjekk til felles aksjon mot 14. april 2015, kom det fram av nettartikkelen «Her bryter selskapet loven – minutter etter at de ble politianmeldt» på vg.no at den ulovlege verksemda var i gang straks etter at etatane avslutta den koordinerte aksjonen på staden. Under aksjonen vart det avdekka at det mest sannsynleg budde personar ulovleg i dei same lokala som vart nytta av næringsverksemda. Dagleg leiar for verksemda i vaskehallen fekk munnleg godkjenning til å halda fram verksemda fem dagar etter aksjonen sjølv om vedkomande var meldt for bruk av ulovleg arbeidskraft. Arbeidstilsynet gav denne godkjenninga etter at dagleg leiar på telefon fortalte at han hadde imøtekome krava i stengingspålegget.
I samband med denne enkeltaksjonen er det kome fram at politiet ønskjer seg ein lovheimel for å halda utleigar ansvarleg ved ulovleg verksemd i lokale som blir leigd ut. Bakgrunnen for dette er at det blir lagt til grunn at utleigar i dei fleste tilfelle veit nøyaktig kva som skjer i lokala. Forslagsstillarane ser det som viktig å gje politiet fleire og betre verkty i kampen mot sosial dumping og brot på norske lover og regelverk som svekker finansieringa av fellesskapet. Bilpleiebransjen er ein bransje der det diverre gjennom «Operasjon Vaskebjørn» er avdekka mange tilfelle av grov utnytting av personar som manglar både opphalds- og arbeidsløyve i riket. Dei som avdekker desse forholda karakteriserer forholda både som «moderne slaveri» og «slaveri». Dette er mogleggjort gjennom ulovleg innvandring, Schengen-samarbeidet og fri flyt av arbeidskraft innanfor Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).
Grunnlova § 93 tredje og fjerde ledd lyder:
«Ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid.
Dei statlege styresmaktene skal verne retten til liv og stri mot tortur, slaveri, tvangsarbeid og andre former for umenneskeleg eller nedverdigande behandling.»
Forslagsstillarane viser til at straffelova § 202 fyrste ledd lyder:
«Den som
a) fremmer andres prostitusjon eller
b) leier ut lokaler og forstår at lokalene skal brukes til prostitusjon eller utviser grov uaktsomhet i så måte, straffes med bøter eller fengsel inntil 5 år.»
Prostitusjon er i praksis ulovleg i Noreg. Slaveri og tvangsarbeid er forbode gjennom Grunnlova § 93. Forslagsstillarane ønskjer å gje politiet betre verkty i arbeidet mot grov sosial dumping. Bilpleiebransjen er døme på ein bransje der sosial dumping er utbredt, og den er òg kjenneteikna ved behov for faste, fysiske lokale. Ved å endra straffelova slik at den som leiger ut lokale og forstår at lokale blir brukt til sosial dumping eller utviser grov aktløyse i slik måte skal straffast, blir utleigar av slike næringslokale ansvarleggjort.
På denne bakgrunn fremjast følgjande
forslag:
Stortinget bed regjeringa fremja forslag om å endra straffelova slik at den som leiger ut lokale og forstår at lokalet blir brukt til sosial dumping eller utviser grov aktløyse i slik måte, skal kunna straffast.