Femte visepresident Ingrid Fiskaa [10:01:53 ] : Eg skal på
vegner av presidentskapet leggja fram ei innstilling, og det gjeld
altså endringar i NIM-lova (nye overvakings- og rapporteringsfunksjonar).
Presidentskapet fleirtal legg fram eit forslag
til endringar i lov av 22. mai 2015 nr. 33 om Noregs institusjon
for menneskerettar, kort forklart NIM-lova.
Det er Stortinget som gjennom lovgjeving fastset
dei sentrale oppgåvene for Stortingets eksterne organ, som NIM altså
er eit eksempel på. Forslaget om å leggja til eit nytt ledd i NIM-lova
§ 3 legg til rette for at Noregs institusjon for menneskerettar,
heretter kalla NIM, blir nasjonalt overvakingsorgan etter Europarådets
konvensjon om førebygging og kamp mot vald mot kvinner og vald i
nære relasjonar Artikkel 10 og Europarådets konvensjon om tiltak
mot menneskehandel Artikkel 29 nr. 4.
Bakgrunnen for at Stortinget blir invitert
til å gjera desse lovendringane no, er at Noreg har slutta seg til
desse to nemnde konvensjonane. Det inneber òg eit ansvar for å sørgja
for at nokon overvaker at konvensjonane blir etterlevde.
Det er einigheit om at det er NIM som skal
ha denne oppgåva. Både regjeringa og NIM sjølv meiner det er ein
god idé, men regjeringa kan ikkje instruera NIM grunna NIMs uavhengige
rolle. Det er det berre Stortinget som kan gjera, altså leggja til
nye oppgåver til NIM.
Det me tek stilling til i dag, er ikkje om
det er ein god idé å vera del av desse to konvensjonane eller om
NIM som såleis er ein god idé. Det me skal ta stilling til, er altså
om Stortinget kan leggja til rette for at NIM skal kunne gjera dei
oppgåvene som det er einigheit om at NIM skal gjera.
Når det er sagt, meiner òg eit fleirtal i presidentskapet
at etterlevinga av desse konvensjonane er avgjerande for å verna grunnleggjande
menneskerettar og for å styrkja rettssikkerheita til utsette grupper.
Føremålet med å leggja desse oppgåvene til NIM er å styrkja den
nasjonale gjennomføringa av dei to konvensjonane gjennom uavhengig
overvaking av etterlevinga til styresmaktene av desse konvensjonsforpliktingane. NIM
skal m.a. bidra til at rettane til personar som blir utsette for
eller risikerer å bli utsette for vald eller menneskehandel, blir
betre vareteke.
Når det gjeld Istanbulkonvensjonen Artikkel
10, vil eg presisera at oppgåva avgrensar seg til overvaking. Det
inneber at resten av oppgåvene omtala i denne føresegna, fell utanfor
mandatet til NIM. Når det gjeld menneskehandelskonvensjonen, avgrensar
oppgåva seg til det som kjem fram av Artikkel 29 nr. 4. Dette inneber
at NIM skal driva uavhengig overvaking av etterlevinga til styresmaktene
av konvensjonane.
Avslutningsvis vil eg då for ordens skuld understreka
at det ikkje er NIM som skal ha ansvaret for å oppfylla forpliktingane
til staten etter konvensjonane. Det er det staten sjølv som har,
men NIMs oppgåve er å opptre uavhengig og overvaka om staten oppfyller
forpliktingane sine.
– Så med dette tilrår eg og fleirtalet i presidentskapet
at Stortinget gjer vedtak i samsvar med tilrådinga.
Morten Stordalen (FrP) [10:06:06 ] : Jeg skal kort redegjøre
for FrPs syn.
FrP står ikke bak innstillingen. Jeg viser
til merknader og forslag i kontroll- og konstitusjonskomiteen i
høst. FrP mener at dette er oppgaver som kan ivaretas av andre institusjoner, andre
enkeltmennesker, andre mediehus, og mener at det er unødvendig,
sånn sett, å legge det til NIM. Jeg viser til merknadene ellers
i saken og FrPs syn – siden vi altså ikke står bak innstillingen.