Interpellasjon fra representanten Sveinung Rotevatn til arbeids- og inkluderingsministeren: «I Nasjonalbudsjettet for 2025 kjem det fram at ved utgangen av 2023 var over 18 prosent av nordmenn mellom 18 og 66 år mottakarar av ei helserelatert trygdeyting. Det er om lag to prosentpoeng fleire enn i 2019, noko som vil seie at i løpet av fire år har det vorte 80 000 fleire mottakarar av sjukepengar, AAP og uføretrygd. Dette tilsvarar folketalet i Tromsø by. Særleg veksten i sjukepengar – som for dei fleste er inngangsporten til dei andre ordningane – gir grunn til uro. Når vil regjeringa ta grep for å redusere sjukefråværet?»