Minnetale over tidligere stortingsrepresentant
Erling Folkvord
Presidenten [10:00:12 ]: Vyrde medrepresentantar!
Den 1. mars 2024 døydde tidlegare stortingsrepresentant
Erling Folkvord, 74 år gamal. Han var då på ei reise i Stockholm
i samband med eit bokprosjekt om Kurdistan og Palestina. Han hadde
tidlegare reist ei rekkje gonger til Midtausten og teke lærdomar
med heim. Han bidrog til at nordmenn fekk auga opp for kurdaranes
sak. Han hadde eit sterkt engasjement for internasjonal solidaritet.
Erling Folkvord blei fødd 15. juni 1949 og
vaks opp på eit småbruk like nord for Levanger. Bestefaren var husmannsson
og den einaste gardbrukaren i området som, ifølgje Erling Folkvords
eigne skildringar, hadde heist flagget 1. mai i dette området i
mellomkrigstida.
Erling Folkvord tok sosionomutdanning og jobba
i rusomsorga i Oslo, der han også var tillitsvald og leiar for Sosiale
Etaters Fagforeining i ein periode.
Han blei vald til bystyret i Oslo første gongen
i 1983 og siste gongen i 2007, før han gav stafettpinnen vidare.
Som folkevald blei han kjend som ein prinsippfast og
ubestikkeleg ombodsmann for innbyggjarane. Han åtvara mot at fellesskapets
midlar blei sløst vekk både ved sal av sjukehusbustadene i Oslo
og kjøp av ei tomt til ein sjukeheim i Spania, som aldri blei realisert.
Han avdekte og tok eit grundig oppgjer med korrupsjon og inhabilitet
m.a. gjennom fleire bøker.
Folkvord var nestleiar i Raud Valallianse frå
1989 og i Arbeidernes Kommunistparti på 1990-talet. I 1993 blei Folkvord
vald til Stortinget, kor han blei Raud Valallianses første og einaste
representant. Politikarar frå alle sider har anerkjent, om ikkje
alltid verdsett, hans engasjement og standhaftigheit.
Frå 2007 var Folkvord lokalpolitikar og stortingskandidat
for Raudt og aktivt medlem. Han samarbeidde med aksjonistar og aktivistar,
fagforeiningar og lokale velforeiningar og har fått eit høgt tal
kondolansar frå både inn- og utland som vitnar om eit breitt politisk virke.
Han har vore ein markant skikkelse i norsk politikk og norsk venstresides
historie.
Me lyser fred over Erling Folkvords minne.
Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.
Presidenten [10:03:38 ]: Representantane
Jan Tore Sanner , Himanshu Gulati , Sigurd Kvammen Rafaelsen , Ove Trellevik , Hans Inge Myrvold ,
Linda Monsen Merkesdal , Ola Elvestuen , Olaug Vervik Bollestad ,
Terje Halleland , Ingvild Kjerkol og
Lars Haltbrekken , som har vore permitterte,
har igjen teke sete.
Den innkalla vararepresentanten for Akershus,
Tobias Hangaard Linge , tek no sete.
Det ligg føre to permisjonssøknader:
frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe
om velferdspermisjon frå Ragnhild Male Hartviksen frå
og med 27. november til og med 5. desember
frå Høgres stortingsgruppe om permisjon for representanten
Ingjerd Schie Schou i tida frå og med
27. –29. november for å delta i møte i Europarådets parlamentarikarforsamling
i Luxembourg.
Etter forslag frå presidenten vart
samrøystes vedteke:
Søknadene blir handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar blir innkalla for å møta i
permisjonstida slik:
For Akershus: Anita Patel for 27.–28. november
og Tobias Hangaard Linge 3.–5. desember.
For Østfold: Fredrik Holm 27.–28. november.
Val av setjepresident
Presidenten [10:04:49 ]: Presidenten
vil gjera framlegg om at det blir vald ein setjepresident for Stortingets møte
i dag – og ser det som vedteke.
Presidenten føreslår Liv Kari Eskeland. – Andre framlegg
ligg ikkje føre, og Liv Kari Eskeland er vald som settepresident
for Stortingets møte i dag.
Statsråd Tonje Brenna la
fram 17 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).
Presidenten [10:06:38 ]: Representanten
Christian Tybring-Gjedde vil setja fram eit representantforslag.
Christian Tybring-Gjedde (uavh.) [10:06:56 ]: På vegne av
meg selv vil jeg fremme et representantforslag om å nedsette et
utvalg med representanter fra ulike beredskapsinstanser og Forsvaret
for å utrede hvordan man kan utnytte sosiale medier for å videreformidle grunnleggende
kunnskap om totalforsvaret.
Presidenten [10:07:17 ]: Framlegget
vil bli handsama etter reglementet.
Sakene nr. 1 og 2 blir handsama under eitt.