Stortinget - Møte onsdag den 11. juni 2025 *

Dato: 11.06.2025
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 421 L (2024–2025), jf. Prop. 119 L (2024–2025))

Søk

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 3 [11:57:57]

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i markedsføringsloven mv. (overtredelsesgebyr) for brudd på god markedsføringsskikk overfor barn (Innst. 421 L (2024–2025), jf. Prop. 119 L (2024–2025))

Talere

Åse Kristin Ask Bakke (A) [] (ordførar for saka): Eg har lyst til å starte med å takke komiteen for samarbeidet i saka. Vi får til eit breitt fleirtal, og alle parti unntatt eitt står bak tilrådinga. Det går eg ut frå at partiet sjølv skal prate om seinare. Det eg har lyst til å seie, er at dette er eit ganske tydeleg signal frå denne salen om at det breie politiske Noreg står samla bak å gå lenger i å beskytte barn og unge i den tida vi lever i.

Vi lever i ei tid der barn og unge blir eksponerte for mykje reklame. Det har kanskje generasjonar opp gjennom blitt eksponerte for, men forskjellen på i dag og før i tida er at det skjer meir og meir òg i digitale medium. Det er ei utvikling som skjer raskt og i kanalar som stadig er vanskelege å kontrollere. Det digitale rommet er òg prega av ganske avansert målretting, skjult marknadsføring og innhald som i mange tilfelle kan vere både ueigna og skadeleg for barn.

Dette utfordrar evna vår til å ivareta eit grunnleggjande prinsipp i forbrukarvernet om at barn skal ha eit særleg sterkt vern. Difor, med det fleirtalet som no ligg føre i salen, styrkjer vi handhevinga av føresegnene i marknadsføringslova, særleg når det gjeld krava til god marknadsføringsskikk overfor barn. Vi ønskjer å beskytte barn mot marknadsføring som utnyttar sårbarheita deira, skaper unødvendig press, ikkje minst kroppspress, eller som forsøkjer å påverke dei på uærleg vis.

Marknadsføringslova stiller i dag allereie krav til korleis næringsdrivande skal opptre, men lovverket er berre så sterkt som sanksjonane bak det er. Når ein bryt lova, må det òg få tydelege konsekvensar. Difor ser ein òg at ein skrur opp sanksjonsmoglegheitene i det lovforslaget som blir vedteke.

Så kan ein diskutere kor høge eller store prosentar sanksjonane eller gebyra skal vere på. Det har vi kanskje ulike meiningar om, men la det vere heilt klart at føremålet med desse endringane ikkje er å straffe for straffa si skuld. Det handlar om å sende eit tydeleg signal til næringslivet om at barn ikkje skal være ei målgruppe for aggressiv eller uansvarleg marknadsføring. Det skal ikkje løne seg å bryte lova, særleg ikkje når det er tryggleiken og helsa til barn som står på spel. Difor er eg veldig glad for at eit såpass breitt fleirtal i Stortinget i dag gjer desse endringane i marknadsføringslova.

Sigbjørn Framnes (FrP) []: Eg er imponert over tida eg fekk til rådigheit no. Eg skal ikkje bruke ho heilt ut. Det kan kanskje verke underleg at me i ei sak der alle er einig i intensjonen, likevel vel å røyste imot. La meg difor forklare kvifor.

Framstegspartiet er, i likskap med fleirtalet, heilt tydeleg på at det ikkje skal drivast marknadsføring retta mot barn og unge. Barn er lett påverkelege og ofte lite kritiske til reklame og marknadsføring. Difor har det i mange år vore forbod mot dette. Dei fleste aktørane held seg til regelverket, og det er heldigvis få brot på dette forbodet. Nokre brot kan skuldast at marknadsføringa eigentleg er meint å rette seg mot forelde, men blir oppfatta som retta mot barn – altså ein klassisk gråsoneproblematikk.

Framstegspartiet er uroa for at aktørar som meiner dei marknadsfører for foreldre, kan risikere strenge gebyr dersom myndigheitene meiner bodskapet er retta mot barn. Me er difor bekymra for at maksrammene for gebyr, slik dei er føreslått, kan bli for høge. Me ønskjer å unngå at gebyra blir urimeleg høge i forhold til brotet. Framstegspartiet vil difor ikkje tilrå forslaget slik det ligg føre.

Lene Vågslid (A) []: I dag blir ungar eksponerte for enorme mengder reklame, særleg i digitale medium. Difor har Arbeidarparti-regjeringa lagt fram dette forslaget om strengare sanksjonar ved brot på marknadsføringslovas føresegner om god marknadsføringsskikk overfor barn.

Føremålet er å beskytte ungar betre mot ulovleg marknadsføring. God marknadsføringsskikk i marknadsføringsloven stiller f.eks. krav om at reklame ikkje skal bidra til kroppspress hjå barn. No føreslår me at Forbrukartilsynet skal få kraftigare verkemiddel til å slå hardt ned på brot på føresegna.

Dette forslaget har brei støtte – brei støtte òg ute hjå Forbrukarrådet, hjå Barneombodet – eg kunne nesten ha brukt dei 14 minuttane eg har igjen, på å liste opp alle som støtter forslaget. Difor er eg veldig overraska over Framstegspartiet. Mitt inntrykk er at Framstegspartiet i debattar som handlar om barn og unge, ofte er veldig einig i at ein må beskytte barn og unge betre. Dette er eit veldig konkret og enkelt grep for å skjerpe sanksjonane overfor dei som bryt det regelverket me har.

Eg har endå større ambisjonar på dette området enn det lovforslaget som er lagt fram no, men mykje må ein arbeide meir med. Dette hadde vore ei gyllen anledning for Stortinget til einstemmig å stille seg bak at me må ha strengare reglar for dei som bryt marknadsføringsreglane retta mot barn og unge. Me prioriterer dette i Arbeidarpartiet, og eg er i alle fall glad for at alle andre parti, med unntak av Framstegspartiet, støttar forslaget.

I år har regjeringa styrkt løyvingane til Forbrukartilsynet med 2,5 mill. kr for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium. Dette er veldig viktig for at Forbrukartilsynet skal ha moglegheit til å ta opp fleire saker og stanse meir ulovleg marknadsføring.

Forslaget om utvida heimel for gebyr ved brot på marknadsføringsloven fylgjer opp eit forslag som var på høyring i vinter. I den høyringa føreslo me ei ny fråsegn i marknadsføringsloven for særleg å verne barn mot marknadsføring i sosiale medium og spel, og me vurderer no ei vidare oppfylging av dette vernet.

Me lever i ei brytningstid der det digitale livet til barn og unge påverkar dei i så sterk grad. Eg håper at Framstegspartiet kan tenkje seg litt om fram til votering i dag. Det er ikkje for seint å snu. Heile Stortinget burde kunne samle seg bak at me skjerpar sanksjonane for dei som bryt regelverket retta mot barn og unge.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering, se voteringskapittel