Stortinget - Møte torsdag den 7. desember 2023

Dato: 07.12.2023
President: Ingrid Fiskaa
Dokumenter: (Innst. 100 L (2023–2024), jf. Prop. 5 LS (2023–2024))

Søk

Innhold

Sak nr. 13 [20:45:27]

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringer i folketrygdloven (gjennomføring av konvensjon av 30. juni 2023 om trygdekoordinering mellom Island, Liechtenstein, Norge og Storbritannia) (Innst. 100 L (2023–2024), jf. Prop. 5 LS (2023–2024))

Talere

Torbjørn Vereide (A) [] (ordførar for sakene): Sidan Storbritannia tredde ut av EU og EØS, blir trygdekoordineringa mellom Noreg og Storbritannia regulert av to avtalar. Det er separasjonsavtalen og ein bilateral trygdeavtale. Dei omfattar litt ulike grupper og har litt likt innhald.

I Prop. 5 LS for 2023–2024 blir det føreslått å gjennomføre ein konvensjon av 30. juni 2023 om trygdekoordinering mellom Island, Liechtenstein, Noreg og Storbritannia. Det vil bortimot erstatte dagens bilaterale trygdeavtale med Storbritannia, og saman med separasjonsavtalen mellom EU/EØS-landa og Storbritannia vil det også regulere trygdekoordineringa mellom Noreg og Storbritannia.

Grunnlova § 26 andre ledd inneber at nye avtalar etter konstitusjonen ikkje kan setjast i verk utan ny lov eller nytt stortingsvedtak. Det blir berre bindande når Stortinget har gjeve samtykke til det. Komiteen viser til at konvensjonen vil krevje mindre lovendringar for å tre i kraft, og at regjeringa difor føreslår at Stortinget gjev sitt samtykke til dette.

Med den bakgrunnen sluttar komiteen seg til forslaget frå regjeringa. Eg har fylt termosen med kaffi og ser fram til mange timar no med engasjerande, opprivande og kjensleladde innlegg og debatt i denne saka.

Presidenten []: Det ser ikke ut som noen følger representantens oppfordring, for flere har ikke tegnet seg til debatten i sakene nr. 12 og 13.

Votering, se tirsdag 12. desember