Stortinget - Møte tirsdag den 5. desember 2023

Dato: 05.12.2023
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 57 S (2023–2024), jf. Prop. 136 S (2022–2023))

Søk

Innhold

Sak nr. 19 [17:45:35]

Innstilling fra justiskomiteen om Samtykke til godkjennelse av EØS-komiteens beslutning nr. 171/2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2014/92/EU om sammenlignbarheten av gebyrer forbundet med betalingskontoer, bytte av betalingskontoer og adgang til å opprette og bruke betalingskontoer med grunnleggende funksjoner og forordningene (EU) 2018/32, (EU) 2018/33 og (EU) 2018/34 (Innst. 57 S (2023–2024), jf. Prop. 136 S (2022–2023))

Talere

Odd Harald Hovland (A) [] (ordførar for saka): Eg vil takke komiteen for godt samarbeid. Me legg fram ei felles innstilling.

Gjennomføringa av betalingskontodirektivet, med tilhøyrande rettsaktar, har kravd lovendring, og Stortingets samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd er difor nødvendig.

Direktivet skal gjere det lettare for forbrukarar å få tilgang til betalingskontotenester, gje auka tilgang til gebyr- og prisopplysningar i eit format som gjer det lettare å samanlikne vilkår mellom ulike betalingstenesteytarar, og gjere det enklare å byte frå ein betalingstenesteytar til ein annan. Dette kan føre til auka konkurranse og difor òg større valmoglegheiter for forbrukarane. Direktivet er ikkje til hinder for at medlemsstatane kan behalde eller innføre strengare bestemmingar for å beskytte forbrukarane, føresett at desse bestemmingane er i samsvar med forpliktingane deira etter EØS-retten og direktivet.

Direktivet gjev bl.a. reglar som inneber at medlemsstatane skal utarbeide ei liste over dei mest representative betalingskontotenestene som har gebyr på nasjonalt nivå, og ein standardisert terminologi for dei same tenestene. Forbrukarane skal òg sikrast tilgang til eit dokument med gebyropplysningar og ei ordliste med standardisert terminologi.

Direktivet gjev vidare reglar om ei årleg gebyroppgåve for betalingskontoar, reglar om samanliknbare prisopplysningar på nettstader og om marknadsføring av betalingskontotenester til forbrukarar. Dessutan inneheld direktivet særskilde reglar som gjeld for betalingskontoar som vert tilbodne i pakkar med andre produkt eller tenester.

Utanriks- og forsvarskomiteen har opplyst at dei ikkje har ytterlegare merknader enn det som kjem fram i innstillinga frå justiskomiteen. Komiteens tilråding vert som sagt fremja av ein samla komité, at Stortinget samtykkjer i godkjenning av EØS-komiteens avgjerd.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 19.

Votering, se torsdag 7. desember