Presidenten
[10:00:55 ]: Vyrde medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant
Rigmor Kofoed-Larsen frå Lillehammer døydde brått om morgonen den 22. mars,
på sin 79-års fødselsdag.
Rigmor Kofoed-Larsen
vart fødd i Halden, men budde størsteparten av sitt vaksne liv i
Lillehammer. Ho utdanna seg til sjukepleiar og gjekk tidleg inn
i politikken.
Rigmor Kofoed-Larsen
vert hugsa som eit varmt og raust medmenneske. Ho representerte
Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1997 til 2001. Då ho vart
vald inn på Stortinget, hadde ho allereie bak seg ei lang fartstid med
mangeårig engasjement i både kommunestyre og fylkesstyre.
Rigmor Kofoed-Larsen
vart Kristeleg Folkepartis representant i samferdselskomiteen, ein
viktig post med tanke på at Kristeleg Folkeparti var det leiande
partiet i sentrumsregjeringa det meste av denne perioden. Det var
ei oppgåve ho gjekk inn i med stor entusiasme.
Lista over verv
i partiorganisasjonen er òg lang. I 2002 vart Rigmor Kofoed-Larsen
vald som leiar i KrF Kvinner, ho sat seks år i Kristeleg Folkepartis
sentralstyre og hadde leiarvervet i partiet sitt miljøpolitiske utval.
Ho var òg Kristeleg Folkepartis representant i pensjonsutvalet som
vart leia av Sigbjørn Johnsen. Etter at ho slutta i rikspolitikken,
tok ho på seg verv i Kristeleg Folkeparti, både i fylkeslaget og
i lokallaget. Ho vart utnemnd til æresmedlem i Lillehammer KrF.
Rigmor Kofoed-Larsen
hadde eit stort politisk engasjement, men ho var så mykje meir.
Ho var mor, kone, bestemor og ven, ei kvinne som på imponerande
vis beherska balansen mellom familieliv, ein krevjande jobb, eit
sterkt politisk engasjement og aktiv fritid.
Rigmor Kofoed-Larsen
etterlèt seg mann, barn, barnebarn og ein stor vene- og kjennskapskrins.
Me vil hugsa Rigmor
Kofoed-Larsen for latteren hennar, smilet, omgjengelegheita og det
brennande samfunnsengasjementet. Me lyser fred over minnet hennar.
Presidenten
[10:03:59 ]: Representanten Stein Erik Lauvås , som har vore permittert,
har igjen teke sete.
Følgjande innkalla
vararepresentantar tek no sete:
For
Aust-Agder: Ramani Nordli og
Kenneth Engvoll Løland
For
Vest-Agder: Kai Steffen Østensen
For
Akershus: Ragnhild Male Hartviksen og
Signe Bakke Sølberg
For
Hedmark: Ole Mathias Rønaasen
For
Nordland: Marianne Dobak Kvensjø
Det
ligg føre fem permisjonssøknader:
frå
Framstegspartiets stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets
forretningsordens § 5 andre punktum for representantane Gisle Meininger Saudland og
Silje Hjemdal frå
og med 14. november og inntil vidare
frå
Arbeidarpartiets stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets
forretningsordens § 5 andre punktum for representanten Anette Trettebergstuen frå og
med 14. november og inntil vidare
frå
Framstegspartiets stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten
Helge André Njåstad i
tida frå og med 14. til og med 22. november
frå
Raudts stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsordens
§ 5 andre punktum for representanten Bjørnar Moxnes frå og med 14. november
og inntil vidare
Etter forslag
frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknadene
vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar
vert innkalla for å møta i permisjonstida slik:
For
Vest-Agder: Alf Erik Bergstøl Andersen 14. november og
inntil vidare
For
Hedmark: Bente Irene Aaland 14. november
og inntil vidare
For
Hordaland: Sigbjørn Framnes 14. november
og inntil vidare og Stig Atle Abrahamsen 14.–22. november
For
Oslo: Stine Westrum 14. november
og inntil vidare
Presidenten
[10:05:50 ]: Alf Erik Bergstøl Andersen, Bente Irene Aaland,
Sigbjørn Framnes, Stig Atle Abrahamsen og Stine Westrum er til stades
og vil ta sete.
Presidenten
[10:07:04 ]: Presidenten vil gjera framlegg om at det vert
valt ein setjepresident for stortingsmøtet i dag – og ser det som
vedteke.
Presidenten vil
tilrå Heidi Greni. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten
reknar Heidi Greni som samrøystes vald som setjepresident for stortingsmøtet
i dag.
Sakene nr. 1–4
vert handsama under eitt.