Presidenten [14:34:29 ]: Etter ønske
fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter
til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til replikker med svar etter innlegg fra medlemmer
av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover
den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.
Hans Inge Myrvold (Sp) [14:34:54 ] (ordførar for saka): Takk
til komiteen for, eg heldt på å seia, eit godt hagearbeid. Denne
saka gjeld representantforslag om utfasing av torv i hagejord.
Komiteen har handsama saka, og det kjem fram
av innstillinga at komiteens tilråding er at saka ikkje vert vedteke.
Bakgrunnen for saka er myras verdi både som
økosystem og karbonlager. Forslagsstillarane held fram at det er
viktig å redusera forbruket av torv i jordprodukt mest mogleg.
Komiteen syner i innstillinga si til omtale
frå Grøn bok, der regjeringa gjer greie for at Miljødirektoratet
har levert ei utgreiing med vurdering av verkemiddel for å hindra
opning av nye torvuttak.
Komiteen syner vidare til at det i mellomtida
vert sett på som ei nasjonal og vesentleg regional interesse å forhindra
utnytting av nye myrområde til torvuttak. Nye arealplanar som bryt
med denne føringa, kan gje grunnlag for statleg motsegn. Statsråden
har gjort greie for dette i svarbrevet sitt til komiteen.
Saka vert no fremja for debatt i Stortinget,
og eg reknar med at dei partia som har avvikande syn i innstillinga,
gjer greie for det.
Eg vil avslutningsvis syna til at uttak av
torv frå myr i dag er berekna til 0,4 promille av all myr- og sumpareal i
landet. Torvuttaket i Noreg utgjer i så måte ein særs liten del
av det totale myrarealet og er òg lite samanlikna med det myrarealet
som er grøfta og gjort om for skog- eller jordbruksproduksjon.
For Senterpartiet vert det viktig å fylgja
denne type saker som ein del av ei heilskapleg naturforvalting.
Regjeringa har varsla ei naturmelding til Stortinget. Det er verdt
å nemna at eit særnorsk forbod mot torv i hagejord ikkje vil vera
ein garanti for å hindra torvuttak i eit globalt og samla naturperspektiv.
Det er heller ikkje fullgode substitutt for
torv i norsk hagejordproduksjon, og det er grunnlag for vidare forsking
og teknologiutvikling. Men det som er positivt, er at næringa jobbar
tett med myndigheitene i desse spørsmåla, og ein får i dag torvfrie
jordprodukt i marknaden.
Linda Monsen Merkesdal (A) [14:37:35 ] : For at me skal omstilla
oss til eit lågutsleppssamfunn, må alle næringar vera med på omstillinga.
Klima og miljø skal vera ramma rundt all politikken til regjeringa.
Uttak og bruk av torv fører til klimautslepp,
og det er difor nødvendig at torvbransjen òg omstiller seg for å ta
ned utsleppet sitt. For Arbeidarpartiet er det viktig å ta vare
på myrområda våre, og eg er difor glad for at regjeringa har gjeve
tydeleg uttrykk for nasjonale forventningar til regional og kommunal
planlegging for å bevara myrene. Statsforvaltarane får eit særskilt
ansvar for arealplanar som opnar for nye torvuttak.
Til hausten kjem regjeringa med ei naturmelding, og
her er det signalisert at ein skal sjå på torvuttak i myr. Det finst
i dag produsentar som har torvrelatert drift, og dette må me òg
tenkja er arbeidsplassar. Det totale torvuttaket er i dag på 0,4 promille
av det totale myr- og sumparealet i Noreg, men dette føregår i høgmyr,
som er ein trua naturtype. Torvbransjen har kunnskap og omstillingsevne,
og eg er sikker på at dei vil vera med og ta sitt ansvar.
Regjeringa arbeider med Grøn bok og ei stortingsmelding
for naturmangfald og vil utføra ein handlingsplan som skal vareta
dei heilskaplege rammene for natur, deriblant myr. Det er difor
viktig at me også faktisk ser på alt dette i sin heilskap. Arbeidarpartiet
meiner regjeringa tek mange viktige grep for å stimulera til grøn omstilling
i heile systemet.
Myrene våre er bygde opp gjennom tusenvis av
år og held på store mengder med karbon. Eg ønskjer å takka for at
me får løfta denne viktige debatten, som me skal ha med oss inn
i dei heilskaplege planane i framtida.
Ove Trellevik (H) [14:40:06 ] : Ifølgje Miljødirektoratet vert
det årleg sleppt ut 23 000 tonn CO2 -ekvivalentar frå
torvproduksjon, og mesteparten av denne torva – rundt 75 pst. –
vert brukt i plante- og hagejord som vert selt til oss private.
Det vert stilt høge krav til erstatningsprodukt
for torv. Torv har nemleg heilt fantastiske eigenskapar som vekstmedium.
Det held på vatnet, samtidig som det gjer jorda meir porøs, slik
at plantane får tilstrekkeleg med luft. Med torv er det også enklare
å tilpassa både gjødsling og kalking etter behovet til plantane.
Torv er heller ikkje forureina med tungmetall. Dessutan er det lett handterleg
for alle – frå hobbydyrkarar, som meg, som berre har eit enkelt
drivhus i hagen, til meir travle gartnarar.
Det har vore ei utfordring å finna gode alternativ
til torv. Etter fleire års forsking har dette endra seg, og det
er no fleire gode erstatningar å velja mellom. Salet av torvfri
jord har auka, og det aukar mykje. Det vitnar om at det kanskje
ikkje er nødvendig å forby alt me ikkje meiner er rett, men det
kan likevel vera at Høgre stemmer for eit forbod i framtida. Det
handlar meir om i kva grad marknaden klarar omstillinga sjølv eller
ikkje.
Regjeringa varslar at det kjem ei stortingsmelding
i løpet av året som skal følgja opp den globale naturavtala, og
det er naturleg at dette spørsmålet vert drøfta i den meldinga som
kjem, på lik linje som med andre saker som me har oppe til behandling
i dag, og som kanskje òg høyrer heime i den meldinga.
Ola Elvestuen (V) [14:42:10 ] : Venstre støtter forslaget om
at det senest i statsbudsjettet for 2025 skal legges fram en plan
for full utfasing av torv i hagejord og dyrkingsmedier innen 2030.
Dette er en sak man har jobbet med egentlig ganske lenge. Vi drev
denne rapporten fra Miljødirektoratet fram etter initiativ, bl.a.
fra Venstre, så vi har sett på dette også tidligere.
23 000 tonn utslipp i året er en del av regnestykket vi
har, og dette er ett av utslippene vi kan redusere. Så må dette
nå ses i sammenheng med den andre utredningen som Miljødirektoratet
også har, om forbud mot nedbygging av myr. Vi venter på at også
den saken skal komme videre, og gjerne til politisk behandling.
Dette er også noe vi vil støtte.
Det har egentlig vært en ganske lang prosess.
Jeg går ut fra at det å åpne nye myrer for torvuttak er helt uaktuelt.
Dette handler egentlig om hvordan vi skal avslutte dem som nå eksisterer.
Da mener vi at det å gi en tydelig bestilling med en overgangsperiode,
som det her er snakk om, fram mot 2030, er noe også de som er engasjert
i dette, vil kunne forholde seg til, akkurat som de da også får
tid til å få opp alternativer i større grad.
Så fra Venstres side synes jeg dette er et
forslag som vil være med på å både ta vare på natur og kutte utslipp, og
dette bør vi kunne vedta. Det gir en rimelig forutsigbarhet når
man setter avslutningsdato til 2030. Med det tar jeg opp Venstres
forslag.
Presidenten [14:44:13 ]: Da har representanten
Ola Elvestuen tatt det opp det forslaget han refererte til.
Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [14:44:33 ] : Myr er Noregs
viktigaste levande karbonlager. Det er samtidig ein særeigen naturtype
og levestad for unikt tilpassa planter og dyr. I ei tid der det
må investerast veldig mykje i klimatilpassing, må det takast inn
i all planlegging at myr gjev kapasitet som flaumvern, flaumdempar
og vassreinsing, som det ville kosta samfunnet enorme ressursar
og beløp å byggja opp.
Kvart år vert det ifølgje Miljødirektoratet
sleppt ut anslagsvis 23 000 tonn CO2 -ekvivalentar frå
torvproduksjon. Mesteparten av torva vert brukt i planter og hagejord
som vert selde til private, og det er unødvendig. Torvuttak skjer
på høgmyr, så at det vert vist til 0,4 pst. av alt myrareal, er
i denne saka irrelevant.
Eg er ikkje så overraska over at dette forslaget
vert stemt ned. Denne regjeringas modus operandi er anten å påstå
at ein allereie gjer det opposisjonen føreslår, eller – som her
– å seia at ein vil vurdera forslaget i ei stortingsmelding som
kanskje eller kanskje ikkje skal koma ein eller annan gong før regjeringa
går av.
Saman med Framstegspartiet har regjeringspartia fleirtal
på Stortinget for å stemma ned alle forslag om å ta vare på meir
natur. Likevel overraskar argumentasjonen til regjeringspartia meg
litt i denne saka. I innstillinga skriv Arbeidarpartiet og Senterpartiet
saman med Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti at torvuttak
påverkar myra lite – det er implisitt at ei utfasing av torv i hagejord
eller forbod mot torvuttak ikkje trengst. Det er nye signal, i alle
fall frå regjeringspartia. Det står i sterk kontrast til at Miljødirektoratet
i 2022 føreslo eit forbod mot torvuttak, og det står i sterk kontrast
til at regjeringa i 2022 føreslo å inkludera høgmyr som ein utvald
naturtype.
Det er nettopp høgmyrer som er mest aktuelle
for torvuttak, og det er heilt øydeleggjande for denne typen myr.
Eg håpar difor statsråden kan gjera greie for om regjeringa deler
synet til komitémedlemene frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet om
at torvuttak ikkje betyr så mykje for myrer i den store samanhengen.
Det vil i tilfelle vera oppsiktsvekkjande nye tonar frå ei regjering
som jobbar med eit lovforslag om forbod mot nedbygging av myr, og
som har føreslått å gjera høgmyr til ein utvald naturtype.
Statsråd Andreas Bjelland Eriksen [14:46:58 ] : Jeg deler representantene
Rasmus Hansson, Une Bastholm og Lan Marie Nguyen Bergs engasjement
for myrene våre. De er viktige naturområder som gir oss mange økosystemtjenester,
og særlig er de store karbonlagre som kan gi økte utslipp dersom
de blir ødelagt.
Regjeringen tar mange ulike grep for å stimulere
til en grønn omstilling av hele samfunnet i en mer klima- og miljøvennlig
retning. I denne omstillingen forventer jeg at torvnæringen er med,
og jeg forventer at torvindustrien, på samme måte som andre industrier,
jobber med å omstille seg, få ned klimagassutslippene og minske
naturtapet. Hvis ikke kan det stilles spørsmål ved om det er plass
til dem i lavutslippssamfunnet. De kan risikere å bli utkonkurrert
av avfallsbransjen, som har restprodukter fra matavfall og biogass
de ønsker å utvikle for å bidra med torvfrie produkter til privatmarkedet
og gartnernæringen.
Regjeringen har i sin politiske plattform lagt
til grunn at klima og natur skal være en ramme rundt all politikk,
og uttak og bruk av torv til hagejord fører utvilsomt til klimagassutslipp
og naturskader. Myrene våre er store karbonlagre som er bygd opp
gjennom tusenvis av år. Jo dypere myr, desto større karbonlager.
Regjeringen er opptatt av å redusere inngrep i myr, og det har vi gitt
klart uttrykk for i Nasjonale forventninger til regional og kommunal
planlegging. Videre jobber regjeringen med et forbud mot nedbygging
av myr. Statsforvalteren skal også vurdere innsigelse der arealplaner
åpner for nye torvuttak.
Det følger av naturavtalen at alle land skal
lage eller oppdatere sine nasjonale handlingsplaner for natur, som
vi har diskutert godt i flere runder i denne salen allerede. Regjeringen
er godt i gang med Norges handlingsplan, og vil legge den fram for
Stortinget som en melding i løpet av 2024. Ett av de globale målene
i naturavtalen, mål 8, handler spesifikt om klima og natur.
Jeg mener at denne meldingen er riktig sted
å vurdere virkemidler for å ta vare på viktig natur, som myrene er
en del av. Stortinget vil få meldingen til behandling og kan da
ta stilling til regjeringens forslag i en større sammenheng. Regjeringen
vil også presentere klimapolitikken for Stortinget i høst gjennom
den årlige revisjonen av klimastatus og -plan, Grønn bok, som legges
fram sammen med forslaget til statsbudsjett. Jeg mener at disse
to dokumentene er riktige steder å vurdere eventuelle nye virkemidler
på en helhetlig og god måte.
Hans Inge Myrvold (Sp) [14:49:31 ] : Eg har berre behov for
ei avklaring knytt til innlegget frå representanten frå Miljøpartiet
Dei Grøne, som viser til komitémerknadane som ligg til saka. Det
vert ikkje halde fram at det er eit politisk syn at det utgjer eit
lite problem, ein viser til ein rapport – NIBIO Rapport nr. 25 frå
2020 – som held fram dette. Merknaden viser til kva denne rapporten
fastslår.
Votering, se fredag 14. juni
Presidenten [14:50:08 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 8.
Da ringes det inn til votering.